
Kvalitetsmeldinga omtalar læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Kvalitetsmeldinga inneheld og vurderingar knytte til opplæringa av barn, unge og vaksne. Tidleg innsats er vesentleg for å betre elevane sine ferdigheiter og den faglege utviklinga, og kartlegging av elevane sitt ferdigheitsnivå må føre til tiltak for dei som har behov for ekstra opplæring frå første stund.
Slik er stoda i kommunen
Kommunestyret skal behandle rapporten etter første tertial, som viser status over utviklinga innafor sektorane både innan oppnådde resultat/målsettingar, status på politiske bestillingar, økonomisk utvikling og anna. Det jobbast mykje med innsatstrappa, som først og fremst vil vise seg økonomisk om nokre år, men det e og utsikter til at inntektene blir meir stabile.
Reviderer handlingsplan mot sjølvmord
Bjørnafjorden kommunestyre vedtok Handlingsplan for førebygging av sjølvmord i Bjørnafjorden kommune 2022–2025 i 2022. Planen er evaluert og revidert, og kommunestyret får forslag til ny plan for perioden 2026–2029. Den reviderte planen er meir konkret, tiltaksorientert og betre eigna som arbeidsverktøy i tenestene og legg større vekt på gjennomføring, meir samarbeid på tvers, tidleg innsats og systematisk oppfølging av tiltak.
Skal rehabilitere Kuventræ
I desember blei det meldt at noko må gjerast med grunntilhøva på Kuventræ idrettsplass. No får kommunestyret sak om dette til behandling. Formannskapet tilrår at Kuventræ idrettsplass blir rehabilitert med utgangspunkt i Multiconsult AS sin rapport om utbetring. Finansiering blir ved hjelp av spelemidlar og mindre tilskot frå Fotballens miljøfond.
Behandlar rekneskap, årsrapportar og årsmeldingar
Juni-møtet er tid for behandling av rekneskapen for 2025. i fjor gjekk Bjørnafjorden kommune med eit overskot på nesten 54 millionar kroner. Dette skal kommunestyret godkjenne. Også årsrekneskapen for Os Idrettspark og oseana kunst- og kultursenter kjem til behandling, og det gjeld også avkastningsrapport for april 2026 og årsmeldingane frå kommunens frivilligsentralar. Dessutan skal kommunestyret behandle ei gjennomgang av revidert nasjonalbudsjett og kommuneopplegget for 2027.
Vil leige bustader i Eikelandsosen og Osøyro
For å møte behova for tilrettelagde bustader for personar med særskilde behov, har kommunen arbeidd med å etablere omsorgsbustader for personar med vedtak om heildøgns omsorgstenester. Kommunestyret skal behandle eit forslag om å gi kommunedirektøren fullmakt til å inngå intensjonsavtale med tilbydarane Allstad og Samfunnspartner om å bygge høvesvis 50 slike bustader i Osøyro og 20 bustader i Eikelandsosen.
Vil ha redusert takst på sidevegane til E39
Bjørnafjorden kommune har vurdert ei to-bomsløysing på sidevegane for E39 Svegatjørn-Rådal, der passering av ein bom gav fullt fritak for bompengar. Ved passering av begge bommane på sideveg innan ein time blir det full takst. Det har departementet sagt nei til og har føreslått 80 prosent rabatt ved passering av éin bom, men at det er to bommar.
Ordførar i Bjørnafjorden har bede Vestland fylkeskommune og Bergen kommune om å bli med på eit felles initiativ til å redusere takstane på sidevegane til E39. det er for å unngå at bebuarar i ytterkant av kommunen må betale for bompengar som dei i dag ikkje betalar for. No skal kommunestyret ta stilling til dette forslaget.
Handlingsprogram og årsmelding for Miljøløftet
Miljøløftet er eit samarbeid mellom ei rekke kommunar, fylket og staten om å bidra til ei framtidsretta utvikling av Bergensområdet. Kommunestyret skal behandle årsrapporten for 2025 og handlingsprogrammet for den neste tre åra. Gjennom Miljøløftet er Bjørnafjorden kommune sikre nærmare 300 millionar kroner over 10 år til ulike samferdselprosjekt der målet er å redusere klimagassutsleppa. Les meir om Miljøløftet
Det er knytt sokalla belønningsmidlar til Miljøløftet, og kommunestyret skal behandle eit forslag om å bruke slike midlar til fortau Ferstadvegen, sykkelstrategi og grøn mobilitetsstrategi, mellom anna til arbeid med reguleringsplan for gang- og sykkelveg mellom Lyseparken og Søfteland og reguleringsplan for kollektivterminal og fjellhall på Osøyro.
Erstatning, brannsamarbeid og bandtvang
Kommunestyret skal godkjenne ein avtale om erstatning etter ugyldige forvaltningsvedtak Bjørnafjorden kommune, Ternen Eiendom AS og Sjølyst Prosjekt AS. Erstatninga er på 750.000 kroner.
Kommunestyra i Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal ønskjer å bli med i Vest brann- og redningsregion KO (VBR). Det krev at gjeldande samarbeidskommunar fattar vedtak om å endre punkt 18 i samarbeidsavtalen, som igjen skal til godkjenning kommunestyret i alle kommunane, så også i Bjørnafjorden.
Sidan kommunesamanslåinga har det vore to forskrifter om bandtvang for hund i Bjørnafjorden kommune. No får kommunestyret eit forslag om ei felles forskrift til godkjenning etter fleire høyringar og mange innspel i høyringsrunden.
Kommunestyret skal også velje nye styremedlemer til Os idrettspark Bjørnafjorden KF og Oseana kunst- og kultursenter Bjørnafjorden KF og behandle ein søknad om fritak frå politiske verv.
Interpellasjon om flytting av tilbod frå FBBS til LBBS
Til slutt skal kommunestyret behandle ein interpellasjon om større strukturelle endringar frå Jo Rune Ugulen Kristiansen, Arbeidarpartiet. Han ber om at så prinsipielle saker som å flytte tenester frå Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) til Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) blir behandla politisk, slik at slike avgjerder får ei heilskapleg politisk behandling, og ikkje berre blir gjennomført administrativt.
Sjå alle sakene som kjem til behandling
Du kan følge med på behandlinga i kommunestyremøtet på Kommune-TV