Slik markerer vi Verdsdagen for psykisk helse i Bjørnafjorden

Årets tema: Tillit er beredskap.

Uro og usikkerheit kan gjere oss meir på vakt, både overfor kvarandre og det som før kjendest trygt. Årets kampanje for Verdsdagen for psykisk helse handlar om tillit.

For andre år på rad lyfter Verdsdagen for psykisk helse temaet psykisk beredskap. I 2026 er hovudbodskapet: «Tillit er beredskap. Kvar handling tel».

Program

Måndag 12.oktober:

kl. 11.30 -13.00 Stand i Os sentrum 

kl. 17.30 Hovudbiblioteket på Os:

  • Tillit til deg sjølv. Foredrag ved Karen Hope Nilsen. (Les meir under).
  • Musikalsk innslag ved Olai Kobbeltvedt og Oliver Danielsen

Torsdag 15. oktober 2026, kl. 18-20.30 på Fusa ungdomsskule,

Torsdag 22.oktober 2026, kl. 18-20.30, Ung Arena v/Os ungdomsskule

Med bygda i ryggen. Korleis vere ein trygg og tydeleg vaksen i møte med ungdom? ved Matias Meder Clemensen, leiar Utekontakten i Bjørnafjorden kommune.

Venneveko

Venneveko blir arrangert for åttande gong i år, og er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og kyrkja. Venneveko er veke 40, og blir markert i samband med Verdsdagen for psykisk helse.

Kva kan DU bidra med? 

Vi ynskjer å mobilisere breitt, og utfordrar alle: barnehagar, skular, eldresenter, sjukeheimar, næringslivet, idrettslag, kyrkja, frivillige lag og organisasjonar og alle der heime om å ha eit spesielt fokus på inkludering, fellesskap og vennskap i løpet av veke 39-42. 

Aktivitetstilbod, møteplassar og oppleving av å høyre til er viktige inkluderande faktorar som skapar innanforskap og gir auka livskvalitet. Du kan vere med å gjere ein forskjell for dei du har rundt deg. Klarer vi alle å setje fokus på dette temaet i desse vekene, kan vi skape noko sterkt saman! 

På denne sida kan du finne gode eksempel på aktivitetar og undervisningsopplegg for psykisk helse:  Undervisningsopplegg og aktiviteter for psykisk helse | Verdensdagen for psykisk helse 

Om foredraget Tillit til deg sjølv

Frå kontroll og utryggleik til kontakt, eigenomsorg og glede

Kva skjer når du ikkje lenger heilt stolar på kroppen din – eller på deg sjølv?

Når kroppen har vore vanskeleg å forstå, eller livet har vore krevjande, kan det vere naturleg å bli meir på vakt. Vi kan byrje å kontrollere, kjenne etter, leite etter forklaringar eller tvile på eigne signal. Kanskje pressar vi oss for langt – eller held oss tilbake fordi vi er redde for kva kroppen kan finne på.

Over tid kan dette påverke korleis vi lever, kva vi vågar å gjere, og kor mykje plass vi gir eigne behov.

Men tillit kan byggjast. Litt etter litt.

I dette foredraget utforskar vi korleis vi kan finne tilbake til ein tryggare kontakt med oss sjølve – og gradvis bygge tillit til eigen kropp, eigne signal og eigne val.

Vi ser på korleis forståing, merksemd, eigenomsorg, gode grenser og små erfaringar kan hjelpe oss til å lytte utan å overvake, ta vare på oss sjølve utan å avgrense oss, og våge små steg i riktig retning.

Vi utforskar òg korleis bevegelse, avspenning, glede, kvardagsaktivitetar og det å gjere meir av det som betyr noko for oss, kan bidra til auka kontakt og livskvalitet.

For tillit handlar kanskje ikkje om å vere sikker på at alt vil gå bra.

Kanskje handlar tillit til deg sjølv om å vite at du kan møte det som kjem – og at du vil vere der for deg sjølv, også når livet blir vanskeleg.

Eit foredrag om å bli litt tryggare på den viktigaste personen du skal leve heile livet saman med: deg sjølv.

Når kontrollen tar over, kan livet bli avgrensa.

Når tilliten veks, kan vi byrje å leve meir.