Snart er det 17. mai! Hugs påmelding til prosesjonen på Os

Snart er det tid for å feire nasjonaldagen! Vi håpar så mange som mogleg blir med og lagar folkefest – både i folketoget og langs ruta for prosesjonen i sentrum. 

Simen Soltvedt

Sentrumsskulane og barnehagane er faste innslag i toget. 17. mai-komiteen ønsker i tillegg at mange lag og foreiningar deltar og viser seg fram på nasjonaldagen. 

Påmelding til toget

For å sikre ei god og trygg avvikling av toget, ber komiteen om at alle barnehagar, skular, lag og foreiningar som vil vere med i toget sender ein e-post til kultursjef Erik Vangsnes erva@bjornafjorden.kommune.no seinast måndag 4. mai. 

Startar på Giskavollen, avsluttar på Kyrkjeflaten

Det blir oppmøte på fotballbanen ved Os ungdomsskule frå kl 11.10 og oppstilling på tilvist plass for dei førehandspåmelde. Prosesjonen går frå Giskavollen kl 11.30. 

Prosesjonen går i hovudsak same rute som i 2025, med ei lita endring ettersom Brugata er stengt. Det blir oppstilling på Giskavollen og tog ned Byvegen til rundkøyringa i sentrum, deretter Hatvikvegen over Os-brua. Toget gå så rundt Irisgården og tilbake til Kyrkjeflaten.

Endestasjon er på Kyrkjeflaten, der det blir program om lag klokka 12.30-13.30. 
 

    Program 17. mai på Osøyro 2026

   10.00 Festgudsteneste Os kyrkje
   11.00 Markering i Minneparken

  • Song ved Os Mannskor
  • Kransenedlegging

   11.10 Oppstilling for prosesjon på fotballbanen ved Os ungdomsskule
   11.30 Avgang prosesjon 
   12.30 Program på Kyrkjeflaten

  • Festleiing og helsing ved ordførar Terje Søviknes
  • Song og ord for dagen ved elevar frå Kuventræ barneskule 
  • Russetale ved Emil Lyssand frå Os gymnas og Louis Botnevik Eichoff frå Os vidaregåande skule 
  • Apell ved Anne Marie Berge
  • Os Musikkforening spelar
     

   13.30 Fellesprogram slutt 

Kontakt

Erik Vangsnes
Leder
Mobil: 47277146