Snart kjem heimetenestene på digitalt besøk

I midten av september vil heimetenestene i Bjørnafjorden kommune starte opp med digital heimeteneste som ein del av tilbodet. Då vil Kristin Henanger og May-Liss Wik følgje opp tenestemottakarar via ein skjerm i heimen. 
Dei to er dei første som skal levere digital heimeteneste i Bjørnafjorden. 

Digital heimeteneste vil bli gradvis innført i Bjørnafjorden, med mål om å utvide etter kvart. 
– Det er ikkje alle heimetenester som treng å vere fysiske. Fleire av oppgåvene i heimesjukepleia kan gjennomførast digitalt, og potensialet er stort. Vi har veldig tru på dette, seier dei to.

Linn Hjelle, Bjørnafjorden kommune

Kristin Henanger (t.v.) og May-Liss Wik er dei første to tilsette som vil gjere digitale heimebesøk i Bjørnafjorden. Begge har lang fartstid i heimetenestene, og har stor tru på at digital heimeteneste kan gjere tilbodet betre for både brukarar, pårørande og tilsette.

Ragnhild Stende Bjaadal

Møter dei same andleta

Både Kristin og May-Liss har lang erfaring frå heimetenestene i Bjørnafjorden. Dei har stor tru på at digital heimeteneste vil vere ei godt tilbod for mange.
– Erfaringa frå andre kommunar er at digital heimeteneste gir betre kontinuitet og er meir punktleg enn fysiske besøk, seier Kristin, som er vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid.
– Mottakarar av heimetenester får vanlegvis mange forskjellige tilsette inn dørene. Det kan kjennest både slitsamt og sårbart å stadig måtte gi dei same opplysningane på nytt, og “lære opp” ukjende i private situasjonar. Med digital heimeteneste vil brukarane i stor grad møte dei same andleta kvar dag. Slik kan vi bygge gode relasjonar. Det gir større tryggleik både for dei og for oss. Vi blir godt kjende, og det er lettare for oss som helsepersonell å fange opp eventuelle endringar i helsetilstanden over tid, seier Kristin.

Med digital heimeteneste vil brukaren i stor grad møte dei same tilsette kvar gong. Canva KI

Når Kristin og May-Liss ringer brukaren via skjermen, kan dei både sjå og snakke med brukaren og sjå rommet han eller ho oppheld seg i. Skjermen hos brukaren ser ut som eit nettbrett/iPad og er enkel å betjene. Brukarar og pårørande vil få god opplæring før bruk.

Observasjon, råd og rettleiing

Dei tilsette i heimetenestene brukar i dag opp til 50 prosent av arbeidstida si på rein transport og logistikk. Ofte køyrer dei ut til oppdrag som brukaren med fordel – og litt assistanse – kunne ha løyst sjølv. 
– Det er slettes ikkje alle tenester som må løysast ved fysiske besøk. Fleire av oppgåvene i heimesjukepleia kan gjennomførast digitalt. Mange som får heimetenester greier det aller meste sjølve. Dei ønskjer å vere sjølvstendige, men er redde for å til dømes gjere noko feil med medisinane. Ofte køyrer vi ut berre for å hjelpe brukarane å ta medisin til rett tid. Med digital heimeteneste kan vi snakke med brukaren og sikre at det er rett medisin, rett dose og faktisk sjå at han eller ho tar medisinen til rett tid. Digital heimeteneste gir store moglegheiter for at brukaren kan meistre mykje sjølv, under observasjon, råd og rettleiing frå oss, seier sjukepleiar May-Liss.

Slik ser skjermen ut når heimetenestene ringer opp brukaren. Oiva Health/Atea

Meir punktlege besøk 

Fordi arbeidsdagen til dei tilsette i heimetenestene er uføreseieleg, er det òg vanskeleg å gi nøyaktig tidspunkt for når dei kjem. 
– Vi kan ofte ikkje vere meir presise enn å seie “vi kjem mellom 8 og 12”. Det er klart det er frustrerande for mange å sitje og vente på hjelp. Alle som jobbar i heimetenestene er vane med å få kjeft fordi vi kjem for seint, sjølv om vi jobbar så raskt vi kan. Digital heimeteneste vil vere meir punktleg, fordi vi ikkje må ta omsyn til transporttida, seier May-Liss. 
Den tekniske løysinga gjer det òg mogleg for pårørande og fastlege å kople seg på i den digitale samtalen med brukaren og heimetenestene, noko som opnar for betre og tettare samarbeid i “laget rundt brukaren”.

Svært fornøgde brukarar

Bjørnafjorden kommune har inngått avtale med IT-leverandøren Atea Norge om å innføre digital heimeteneste. Helseteknologiselskapet Oiva Health er underleverandør av sjølve den tekniske løysinga. Fleire norske kommunar, som Tønsberg og Nordre Follo, har allereie starta opp med tilbodet. Tilbakemeldingane frå brukarane og tilsette er svært gode. 
Tønsberg kommune anslår at deira tilsette gjer 27-35 digitale heimebesøk i løpet av ei vakt, altså opptil tre gonger så mange som ved fysiske besøk. I ei brukarundersøking med 26 deltakarar svarte 100 prosent at dei følte seg trygge eller svært trygge med tenesta. 100 prosent svarte òg at dei syntest løysinga var enkel eller svært enkel å bruke.

Frigjere kapasitet og effektivisere tenestene

Arbeidsdagen i heimetenestene er travel, uføreseieleg, krevjande – og givande. 
– Heimetenestene i Bjørnafjorden har fantastiske tilsette som gjer sitt ytste for brukarane våre. Samstundes kjenner mange at dei ikkje strekk til, at dei ikkje rekk alt dei skulle ønskje og at tenesta rett og slett ikkje går i hop i møte med samfunnsutviklinga. Stadig fleire eldre og pleietrengande, færre institusjonsplassar, tidleg utskriving frå sjukehus og mangel på personell i heile sektoren, gjer sitt til at kapasiteten i heimetenestene er sprengt. Vi finne andre måtar å levere tenestene våre på, utan at det går ut over den faglege kvaliteten. Sverige og Finland har hatt digital heimeteneste i fleire år, og forskninga derifrå viser auka tryggleik for brukarar, betre kapasitet på personell, lågare sjukefråvær og tusenvis av sparte kilometer i bil for å nemne noko, seier Anne Breivik Halhjem, prosjektleiar for innføringa av digital heimeteneste i Bjørnafjorden kommune.

Anne Breivik Halhjem er prosjektleiar for Digital heimeteneste i Bjørnafjorden kommune.

Kan løyse meir enn vi trur

Digital heimeteneste er eit glimrande døme på korleis helseteknologi kan hjelpe oss med å løyse dei store utfordringane vi står oppi, utan at vi går på akkord med menneskeleg kontakt eller fagleg kvalitet. Digital heimeteneste stimulerer til eigenmeistring og sjølvstende, samstundes som det gir brukarane tryggleiken dei treng for å bu heime lengst mogleg. Vi skal sjølvsagt alltid ha fysiske heimetenester. Digital heimeteneste vil ikkje vere rett for alle. Men erfaringane frå andre kommunar viser at mykje meir enn vi trur kan løysast digitalt – til det beste for brukarane, seier ho.

 

Digital heimeteneste i Bjørnafjorden kommune

  • Startar opp september 2026
  • Helseoppfølging blir gitt digitalt via skjerm, enten i staden for eller som eit supplement til fysiske besøk. 
  • For nokre brukarar vil det vere aktuelt med ein kombinasjon av fysiske og digitale besøk, medan andre kan få eit heildigitalt tilbod. Kva som blir aktuelt, vil alltid bli vurdert ut frå den enkelte brukaren sine behov og føresetnader.
  • Digital heimeteneste er eit tilbod til både eksisterande og nye tenestemottakarar. Dersom vi vurderer at digital heimeteneste kan vere eit godt tilbod for ein som mottar heimetenester i dag, tar vi kontakt med vedkomande og deira pårørande for ein prat om dette.
  • Formålet er å gi ei meir målretta oppfølging, betre og meir effektiv utnytting av kompetanse og ressursar, samt å styrke eigenmeistring og sjølvstende hos brukarane.
  • Det er mogleg for pårørande og fastlege å kople seg på i den digitale samtalen med brukaren og heimetenestene. 

Les meir om digital heimeteneste i Bjørnafjorden her

Digital heimeteneste spring ut av prosjektet Dimensjonering heimetenester i samband med Innsatstrappa i Bjørnafjorden.