Sommarhelsing frå legevakta: Hjelp oss å halde legevakta tilgjengeleg for dei som treng det mest

Sommaren er ei travel tid ved legevakta. Vi får mange feriegjester, fastlegekontora har redusert bemanning, og vi opplever ofte fleire førespurnader enn elles i året.
Vi ønskjer difor å minne om når legevakta bør brukast – og når andre tilbod kan vere meir riktige.

Legevakta er for akutt sjukdom og skade

medisinsk førstehjelp - Klikk for stort bilete Kristine Wook/Unsplash

Ta kontakt med legevakta på 116 117 ved:

  • Akutt sjukdom eller skade som ikkje kan vente til fastlegen er tilgjengeleg
  • Pustevanskar
  • Brystsmerter
  • Alvorlege infeksjonar eller høg feber med påverka allmenntilstand
  • Kuttskadar som treng behandling
  • Mistanke om brot eller alvorlege skadar
  • Andre tilstandar som krev rask medisinsk vurdering

Ved livstruande sjukdom eller skade: Ring 113.

Dette kan ofte vente til fastlegen er tilgjengeleg

Mykje kan handterast av fastlegen eller annan helseteneste, som til dømes:

  • Langvarige plager utan forverring
  • Fornying av reseptar
  • Sjukemeldingar
  • Attestar og erklæringar
  • Kontroll av kjende tilstandar

Apoteket kan hjelpe med mykje

Apoteka kan gi gode råd om behandling av mindre plager som:

  • Forkjøling
  • Allergi
  • Insektstikk
  • Mindre sår og hudplager
  • Halsbrann og mageplager

Saman brukar vi helsetenestene klokt

Når legevakta blir brukt til akutt sjukdom eller skade, kan vi raskare hjelpe dei som treng det mest. 
Vi på legevakta i Bjørnafjorden kommune ønskjer alle ein trygg og god sommar, og minner om at vi alltid er her når det hastar.

Legevakta er ei interkommunal legevaktteneste for kommunane Bjørnafjorden og Samnanger. Legevakta held til på Moberg på Os og i Fjord'n senter i Eikelandsosen. Les meir om legevakta her