Søndag 15. februar er aller siste sjanse til å sende arealinnspel til kommuneplanen (KPA)

Har du meiningar om kvar på Bjørnafjorden-kartet vi bør sette av areal til nye næringsområde, omsorgsbustader, nye bustadfelt eller fortetting i gamle bustadfelt? Eller har du eit favorittområde i skogen, på fjellet, langs sjøen eller i nabolaget ditt der det er viktig å ikkje bygge noko som helst, men heller bevare naturen slik han er? Du har framleis tid til å sende innspel! Fristen er 15. februar

I sist møterunde slo Bjørnafjorden eldreråd og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RMNF) seg saman for å kome med innspel til kommuneplanen sin arealdel (KPA). I grupper på tvers av råda svarte dei på konkrete spørsmål frå planavdelinga om tema dei meiner er viktig å ta inn i planarbeidet for å tilrettelegge for alle aldrar og funksjonsnivå. Frå v. Jonny Saltnes, Ingvild Jansen, Åse Gjerde og Ingemar Helland.

Bustad, næring, natur og folkehelse

Vi ønsker oss særleg fleire innspel om nye bustadområde i Bjørnafjorden aust (gamle Fusa), og forslag til areal til næring, offentleg tenesteyting og areal til natur- og folkehelseføremål i heile kommunen. 

Her finn du tidslinja for det vidare arbeidet fram mot ferdig og vedtatt arealdel i kommuneplanen (KPA) hausten 2027.

Dette er dei ulike areal-kategoriane du kan sende innspel om

Bustader
Næring
Område for offentlege føremål
Hamneområde framfor eksisterande naustområde
Havbruk
Område for naturmangfald, idrett, friluftsliv eller likanande
"Planvask" - utbyggingsområde som ikkje lenger er aktuelle
Justering av feil eller unøyaktigheiter i plankartet

Send innspel