Skjermknips frå Statens vegvesen
Høyringsfrist for å kome med innspel er 1. oktober. Det er Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) som skal godkjenne planen.
Folkemøte 2. september
Statens vegvesen skal ha folkemøte onsdag 2. september kl. 18-20 i Oseana, og kontordag på Osøyro onsdag 9. september kl. 12-18. Lokalet for kontordag blir annonsert når det nærmar seg.
Alle relevante plandokument finn du på Statens vegvesen si side: E39 Ådland–Svegatjørn (Hordfast/Stord-Os) | Statens vegvesen.
Få oversikt i Bjørnafjorden si kartløysing
Det kan òg vere nyttig å bruke kommunen si kartløysing Bjørnafjordenkart for å lettare sjå plankartet for E39 Ådland - Svegatjørn i samanheng med kommuneplanen, andre pågåande og godkjente reguleringsplanar. Grunneigarar kan og lettare finne eigedommane sine i det kommunale kartet. Planavdelinga vil bidra med rettleiing for dei som måtte ha behov. Ta gjerne kontakt og bestill telefonsamtale eller møte i opningstidene: Kontakt byggesak, plan, kart og oppmåling - Bjørnafjorden kommune
Send høyringsinnspel
Kommunedirektøren skal førebu eit høyringsinnspel som skal behandlast av kommunestyret 17. september.
Eg vil oppmode alle om å nytte folkemøtet og kontordagen som Statens vegvesen arrangerer for å skaffe seg kunnskap om planforslaget. Eg håpar mange vil nytte moglegheiten til å gi høyringsinnspel til Statens vegvesen. Særskilt vil eg oppmode til å kome med gode forslag til kva Statens vegvesen bør gjere med massane frå den nye tunnelen.
Her kan du sende innspel til Statens vegvesen.
Terje Søviknes
ordførar