Stein frå Bjørnafjorden blir kunst i det nye regjeringskvartalet

Alle kommunar i landet er invitert til å bidra med lokal stein til eit 800 kvadratmeter stort kunstverk i Oslo. Fem steinar frå Bjørnafjorden er på veg over fjellet. 

I regjeringskvartalet får desse bidraga frå Bjørnafjorden selskap av handplukka stein frå heile landet.


Kunstnaren Jumana Manna vann konkurransen om å utsmykke ein del av bygolvet i det nye regjeringskvartalet. Området skal vere tilgjengeleg for alle, og tanken er at dette nye byrommet skal vere ein stad for seremoniar, demonstrasjonar, talar og generelt folkeliv. 

Gigantisk puslespel

Frå i haust har Manna og eit lag av steinleggarar jobba i ei løe i Lier med å legge første halvdel av mosaikken på 800 kvadratmeter, med arbeidstittelen Substitutes.  No skal kvar einaste stein merkast og pakkast vekk, før andre halvdel av kunstverket - inkludert stein frå Bjørnafjorden - blir pusla saman.

I ei løe i Lier formar kunstaren Jumana Manna eit gigantisk puslespel som skal bli bygolv i det nye regjeringskvartalet. Utforminga er eit samarbeid mellom KORO, kunstnaren og erfarne handverkarar frå Agaia. Niklas Hart / KORO

Gneis og konglomerat

Kommunar i heile landet har sendt stein frå blant anna bruer, fortau, murar, steinbrot, demningar, kraftstasjonar, fabrikkar, rådhus, skular og kyrkjer. Bjørnafjorden bidrar med gneis frå Dale steinknuseverk på Holmefjord og steinknuseverket i Ådnadalen, i tillegg til to eksempel frå dei rike konglomeratfelta i kommunen.  
Du kan lese meir om arbeidet med bygolvet på sidene til KORO (Kunst i offentleg rom).