Stor snøskredfare i indre strok av Bjørnafjorden

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut varsel om stor snøskredfare (faregrad 4) for onsdag 25. februar 2026.

Indre delar av Bjørnafjorden ligg i snøskredsone Voss (markert med raud linje), kor det no er meldt om stor skredfare. Varsom.no

Raudt farevarsel i indre strok

Indre delar av Bjørnafjorden (fjellområda i Hålandsdalen/Eikelandsosen m.a.) og Kvamskogen, som er skiområde for mange bjørnafjordingar, høyrer til snøskredsone Voss. Der er det meldt stor snøskredfare (raudt farevarsel/faregrad 4) for onsdag.

Det er fare for store, naturleg utløyste skred. Tørre og våte flakskred vil losne av seg sjølv på grunn av mildvêr og eit svakt snødekke. Mildvêrsgrensa er på omtrent 1200 moh. Skred kan treffe utsett infrastruktur eller bygg. Unngå skredterreng, rår NVE.

Sjå meir på Voss - Snøskredvarsel | Varsom.no