Unsplash
Mange millionar mobiltelefonar kjem til å pipe og vibrere klokka 12 på onsdag, samstundes som tyfonane på varslingsanlegga uler. Det kjem opp ein tekst på mobilskjermen som forklarer at dette er ein test.
Fortel dine nærmaste
Ein så omfattende varslingsprøve vil høyrest godt, spesielt der mange menneske er samla og mange telefonar lagar lyd samtidig.
Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøven med dine nærmaste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.
Dette skjer når Nødvarsel blir testa
-
Testen blir utløyst mellom klokka 11.55 og 12.10, onsdag 11. juni 2025
- Når du mottar testen, vibrerer telefonen og spelar av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekund.
- Ein tekst dukkar opp på skjermen som fortel at det berre dreier som om ein test, ikkje ein reell nødsituasjon.
- Du kan “dra vekk” varselet eller fjerne det ved å trykke "OK". (Dette avheng av kva type telefon og operativsystem du har).
- Teksten i varselet kjem i to språkversjonar: éin norsk, der teksten står på bokmål og nynorsk, og éin engelsk. Om du får varselet på norsk, engelsk eller på begge språk, kjem an på kva type telefon og kva for språkinnstillingar telefonen din har.
Kven får testen?
Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som befinn seg i Noreg og som er kopla på 4G/5G, kan motta testen.
Sivilforsvaret sitt tyfonanlegg er på taket av Os ungdomsskule.
Kvifor test?
Nødvarsel på mobil testast til heile befolkninga både for å gjere alle kjende med korleis det opplevast å få eit Nødvarsel og for å sikre at systemet fungerer som det skal.
I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.
Testing av tyfonane blir gjort for å avdekke tekniske feil og for å gjere befolkninga kjende med lyden og signalet. Signalet som blir testa under varslingsprøvane består av tre seriar med tuting med eitt minutts opphald mellom seriane.
Ønskjer du å ikkje motta testen?
Dersom du ikkje ønskjer å motta testen, må du setje telefonen i flymodus eller skru han heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 10. januar. Det er ikkje nok å setje telefonen på lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande - alle desse funksjonane blir overstyrte.
Les meir om nasjonalt nødvarsel og testing på nodvarsel.no