Bjørnafjorden beredskapsråd er eit samarbeidsorgan for kommunale og statlege myndigheiter, privat næringsliv og frivillige lag og organisasjonar som arbeider med samfunnssikkerheit og beredskap. Rådet skal vere eit forum for informasjonsutveksling og for å klargjere ansvars- og rolledeling mellom eksterne samarbeidspartar og den kommunale kriseleiinga. Det blir leia av ordføraren.
Her kan du sjå beredskapsorganiseringa til kommunen.