Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune
Tilskuddsportalen gir ei god oversikt over ulike tilskot, legat, fond og støtteordningar. Tilskuddsportalen er todelt: ein portal for tilsette i kommune og ein portal for frivillige i lag og organisasjonar.
Gratis for frivillige lag i Bjørnafjorden
Bjørnafjorden kommune abonnerer på Tilskuddsportalen, som betyr gratis bruk for tilsette i kommunen og alle frivillige organisasjonar i kommunen. Alt du treng å gjere er å registrere deg. I lenka finn du ein video med instruksjonar til korleis du opprettar brukar.
Ein del av tilskotsordningane har frist tidleg på hausten, så det kan vere lurt å ta ein kikk med det første.
Har du spørsmål? Kontakt rådgivar Grete Byrkjeland i Kultureininga på e-post eller telefon 94853607.