Det første sykkelskapet kom på plass i Byvegen 2 (ofte referert til som Circle K-tomta, Statoil-parkeringa eller ved rosemålinga) alt i 2024. No er tilbodet utvida .Anten du har ein rå el-sykkel eller ein sjølvtrødd gamal travar, er det greitt å vite at sykkelen står sikkert medan du er på jobb, trening, bading, eller gjer ærend. Vi har til saman 12 skap, fire på kvar plass.
Slik kjem du i gang
1. Last ned Bikely-appen og registrer deg. For å opprette ein brukar må du ha eit mobilnummer og eit godkjent betalingskort.
2. Finn eit sykkelskap nær deg. Du kan reservere sykkelskap i kartet i appen. 1 time førehandsreservering er inkludert i leigeperioden.
3. Lås opp skapdøra. Trykk “lås opp” i appen. Trykk deretter på sykkel-ikonet på låsen på skapet. Døra er open når det lyser konstant.
4. Parker sykkelen. Når du lukkar døra, låser ho seg automatisk. Du kan låse opp sykkelskapet så mange gonger du vil i løpet av leigeperioden.
5. Avslutt parkering. Hugs å trykke “avslutt” i appen når du hentar sykkelen din.
Oppskrift på korleis du leiger et sykkelskap finn du både på sjølve sykkelboksane, i Bikely-appen og i denne videoen.
Prisar
- Os idrettspark: Fire timar gratis, deretter 10 kroner per time.
- Byvegen 2: Ni timar gratis, deretter 10 kroner per time.
- Lyseparken: Ni timar gratis, deretter 10 kroner per time.