Det har den siste tida vore fleire medieoppslag om ein sjukeheimslege som er tilsett i Bjørnafjorden kommune. Vi forstår godt at dette kan skapa uro hos innbyggjarar, bebuarar og pårørande. Difor vil vi presisera at kommunen tek saka på største alvor.
Tryggleik og forsvarlege tenester
Vårt viktigaste ansvar er å sikra at alle bebuarar har fått og får forsvarlege og trygge helsetenester. Difor har vi sett i verk ein grundig gjennomgang av tenestene ved dei aktuelle institusjonane. Vi kartlegg og vurderer om det har vore avvik, og vi følgjer opp alle bekymringsmeldingar og klager som er komne inn. Desse vert behandla etter etablerte rutinar for å sikra god og forsvarleg oppfølging.
Dialog med pårørande
Vi har stor forståing for at medieoppslaga kan vekka bekymring. Pårørande som har spørsmål eller uro, er velkomne til å ta direkte kontakt med leiinga ved institusjonane. Vi legg stor vekt på open og god kommunikasjon med både bebuarar og pårørande, men ber om forståing for at vi ikkje kan kommentera enkeltsaker offentleg.
Arbeidsrettslege forhold
Kommunen handterer også saka i tråd med gjeldande arbeidsrettslege reglar. Av omsyn til personvern og teieplikt kan vi ikkje kommentera desse prosessane i media.
Kontinuerleg kvalitetsarbeid
Bjørnafjorden kommune arbeider kontinuerleg for å sikra fagleg forsvarlege tenester i tråd med lovverk og nasjonale retningslinjer. Vi har god dialog med Statsforvaltaren og følgjer opp pålegg og tilrådingar som gjeld kompetanseheving og kvalitetssikring.
Politisk leiing i kommunen vert halden løpande orientert om utviklinga i saka og dei tiltaka som vert sette i verk.