Utvida skjenketid under fotball-VM 2026

Bjørnafjorden kommunestyre har vedtatt å opne for utvida skjenking til klokka 6 under fotball-VM for herrar 11. juni.- 19. juli 2026. 

KI-generet illustrasjon

Skjenkestader i Bjørnafjorden som viser direktesende kampar frå fotball-VM, kan søke om utvida skjenking til klokka seks om morgonen. 

Både løyvehavarar med fast skjenkeløyve og arrangørar som søker løyve for eit særleg høve kan søke om midlertidig utvida skjenketid i forbindelse med fotball-VM 2026. Servering i lukka telt er å rekne som servering innandørs. Utviding av skjenketida gjeld berre dei nettene Noreg spelar kampar i gruppespelet. 

Har venta på Stortinget

Stortingsfleirtalet sa 21. mai ja til lovforslaget om utvida skjenketid under fotball-VM. Dermed blir lokale retningsliner òg gjeldande.  

Kva med sluttspelet?

I tillegg til Noreg sine kampdatoar i gruppespelet gjeld utvida skjenketid netter der kampar i sluttspelet kan kome til å vare utover klokka 3 norsk tid. For sluttspelet gjeld dette uansett om Noreg spelar eller ikkje. 

Søknadsfrist

Skjenkestader og arrangørar som ønsker midlertidig utvida skjenketid under gruppespelet må søke seinast 12. juni. Eventuelle søknader for utvida skjenking under sluttspelet ønskjer vi òg å motta snarast mogeleg. Vi tar likevel imot og behandlar søknader fram til 1. juli. 
Opplysningar om kontrolltiltak må leggjast ved søknaden. 

Har du spørsmål? 

Planlegg du å søke og ønskjer rettleiing, eller har du andre spørsmål? 
Har de enno ikkje bestemt kva kampar de eventuelt vil vise?

Ta kontakt for rettleiing og informasjon slik at du kan få starte ein eventuell søknadsprosess: 

Her kan du sjå dokumenta i saka, og behandling og vedtak i formannskapet og kommunestyret  

Søk utvida skjenkeløyve