Velkomen til eit nytt skuleår!

Sommaren går mot slutten, og snart fyllest skulane våre igjen med liv, læring, vennskap og nye moglegheiter. 

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Varmt velkomen! 

Nokre elevar kjem tilbake til kjende klasserom og gode rutinar, medan andre står framfor noko heilt nytt. Kanskje skal du byrje på skulen for aller første gong, ta steget over til ungdomsskulen eller bli kjend med nye lærarar og medelevar. Uansett kvar du er på skulevegen din, ønskjer vi deg varmt velkomen til eit nytt skuleår.

Samarbeid for eit trygt og godt skulemiljø

I Bjørnafjorden kommune har vi 3190 elevar, og kvar og ein av dykk er ein viktig del av fellesskapet vårt. Vi ønskjer at alle elevar skal oppleve skulen som ein trygg stad å vere, ein stad der du kjenner at du høyrer til, blir møtt med respekt og får moglegheit til å utvikle deg både fagleg og sosialt. Eit trygt og godt skulemiljø skaper vi saman – elevar, føresette og tilsette – gjennom omsorg, samarbeid og ansvar for kvarandre.

Fellesskap og leseglede

Dette skuleåret held vi fram arbeidet med nokre område som er særleg viktige for oss. Vi vil styrkje lesing og leseglede, og vi ønskjer at elevane våre skal oppleve skulebiblioteka som levande møteplassar for kunnskap, opplevingar og fantasi. Vi skal også arbeide målretta for at alle elevar skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø, og vi skal ha merksemd på skulefråvær. Å vere til stades på skulen betyr mykje, både for læring, trivsel og fellesskap.

Nokre tips frå skulesjefen

Eit nytt skuleår gir nye moglegheiter til å lære, oppdage, prøve og meistre. På vegen vil eg gjerne sende med nokre enkle råd:

  • Les litt kvar dag. 
    Ei god bok kan gi både kunnskap, spenning og nye tankar. Les for nokon, les saman med nokon eller finn ei bok du ikkje klarer å leggje frå deg.
  • Møt opp og ver med. 
    Du er ein viktig del av klassefellesskapet. Dagar på skulen gir læring, opplevingar og gode møte med andre.
  • Sjå den som står aleine. 
    Eit smil, ein invitasjon eller eit hei kan bety meir enn du trur.
  • Bruk skulebiblioteket. 
    Der finn du historier, fakta, inspirasjon og ro til å utforske det du er interessert i.
  • Ver modig nok til å prøve. 
    Ingen lærer utan å øve. Det er heilt greitt å gjere feil når vi samtidig lærer noko nytt.

Vi gler oss til å sjå deg! 

Vi gler oss til eit nytt skuleår fylt med læringsglede, meistring og gode opplevingar. Takk til elevar, føresette og tilsette som kvar dag bidreg til sterke fellesskap og gode skular i Bjørnafjorden.

Lukke til med skulestarten. Vi gler oss til å ta fatt på eit nytt skuleår saman!

Beste helsing
Janne Martha Efteland Eik 
Skulesjef i Bjørnafjorden kommune