Velkomen til fagmøte: Kvifor skal vi skyte så mykje kalv og ungdyr?

Landbrukskontoret i Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger inviterer til fagmøte 8. april 2026
Tema: Kalv og ungdyr, oppsummering av jaktåret 2025 og presentasjon av hjorteviltstrategien for Samnanger kommune, som no skal ut på høyring. 

Tid og stad

  • Onsdag 8. april 2026, kl. 19 Rolvsvåg ungdomshus, Solbjørgvegen 920, 5652 Årlan

Meld deg på

Møtet er ope for alle grunneigarar, valdansvarlege og jegerar i regionen. 
Kommunen tek atterhald om at deltakarar frå Samnanger, og i neste rekkje frå Bjørnafjorden, kan bli prioriterte dersom pågangen overstig kapasiteten.

Fagtema: Kvifor skal vi skyte så mykje kalv og ungdyr? 

I moderne hjorteviltforvaltning er uttak av kalv ein sentral del av ei målretta og berekraftig bestandsforvaltning. Målet er ikkje å skyte kalv for sin eigen del, men dagens tette bestandar gjer at ikkje alle kalvar kan vekse inn i bestanden. Samstundes finst det mange som er skeptiske til å skyte kalv, og argumenta mot kalveuttak er fleire. Fagmøtet vil ta for seg desse problemstillingane og forklare kvifor kalveuttaket er viktig for ei god forvaltning.

Program for møtet:

  • Presentasjon av årsrapportane og evaluering av jaktsesongen 2025 for Bjørnafjorden og Samnanger kommunar v/Norsk Hjorteviltsenter
  • Fagtema: Kvifor skal vi skyte mykje kalv og ungdyr? v/ Norsk Hjorteviltsenter
  • Pause 
  • Presentasjon av hjorteviltstrategien for Samnanger kommune, som no skal sendast på høyring v/ Norsk Hjorteviltsenter

Det blir sett av tid til spørsmål og dialog med føredragshaldar. 
Enkel servering.