Velkomen til fagmøte: Uttak av kalv og ungdyr, kjende parasittar og sjukdom på hjort

Landbrukskontoret i Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger inviterer til fagmøte på Tysnes, 9. april 2026.

Tid og stad

  • Torsdag 9. april 2026, kl. 19 Tysnes skule, Amundsstølen 1, 5680 Tysnes.

Møtet er ope for alle grunneigarar, valdansvarlege og jegerar i regionen. 

Meld deg på

Fagtema 1: Kvifor skal vi skyte så mykje kalv og ungdyr? 

I moderne hjorteviltforvaltning er uttak av kalv ein sentral del av ei målretta og berekraftig bestandsforvaltning. Målet er ikkje å skyte kalv for sin eigen del, men dagens tette bestandar gjer at ikkje alle kalvar kan vekse inn i bestanden. Samstundes finst det mange som er skeptiske til å skyte kalv, og argumenta mot kalveuttak er fleire. Fagmøtet vil ta for seg desse problemstillingane og forklare kvifor kalveuttaket er viktig for ei god forvaltning.

Fagtema 2: Kjende parasittar og sjukdomar på hjort

Program for møtet:

  • Presentasjon av årsrapportane og evaluering av jaktsesongen 2025 for Tysnes kommune v/ Norsk Hjorteviltsenter
  • Fagtema: Kvifor skal vi skyte mykje kalv og ungdyr? v/ Norsk Hjorteviltsenter
  • Pause
  • Fagtema: Kjende parasittar og sjukdomar på hjort v/ Norsk Hjorteviltsenter

Det blir sett av tid til spørsmål og dialog med føredragshaldar. 
Enkel servering.