Velkommen til Fotball-VM på Luranetunet!

Onsdag 17. juni 2026 går historias første fotball-VM (veteranmeisterskap) av stabelen på Luranetunet bu- og behandlingssenter.

Det blir både gå-fotball, sitte-fotball og straffesparkkonkurranse, i tillegg til quiz og fruktstasjon. Kampane vil utspele seg i Sansehagen og Tropehagen, mellom kl. 10.30 og 12.30.

– Det er så kjekt å kunne ta dei store idrettsarrangementa som skjer ute i verda inn til oss på Luranetunet. Eg kan love at det blir noko for alle, uansett funksjonsnivå. Pårørande er òg sjølvsagt hjarteleg velkomne, seier eldsjel, initiativtakar og helsefagarbeidar Chanett Nyland. Saman med kollega Anna Panek, står ho bak fotballsatsinga på Luranetunet. Dei to arrangerte òg Vinter-OL på Luranetunet i februar.

Endå ein meisterskap på Luranetunet: Chanett Nyland (f.v.) og Anna Panek står bak idrettsatsinga på Luranetunet i år. Her frå Vinter-OL i februar. Mari Lyssand, Bjørnafjorden kommune

Idrettsmedisin

– Vi brenn for både fotball og eldreomsorg. Bevegelse er så viktig, og det er fantastisk å sjå kor stor glede mange av bebuarane våre har av desse arrangementa.  Aktivitet, latter og fellesskap er ofte den aller beste medisinen, smiler Chanett.

Chanett og Anna har fått med seg gode hjelparar frå Os frivilligsentral, Os fotball og 7. trinn ved Borgafjellet barneskule. I tillegg bidrar Kiwi og Sparebanken Norge med å gjere VM-dagen ekstra festleg for alle involverte.