Velkommen til høyrselskafé!

Onsdag 16. september klokka 12-14 blir det for første gong høyrselskafé i Os frivilligsentral, i samarbeid med Hørselsforbundet. 

Det gamle kommunehuset Mari Lyssand

Det blir tips og råd om stell og bruk av høyreapparat og korleis pare høyreapparatet med telefonen. 
Dette er ein uformell og hyggjeleg møtestad der du kan møte likemenn, dele erfaringar, stille spørsmål og slå av ein prat over ein kopp kaffi og ein vaffel. 
Det blir òg mogeleg å ta ein høyrselstest. Merk at det er begrensa kor mange det er tid til å teste, men planen er at høyrselskafeen skal bli eit fast tilbod, så det kjem nye anledningar. 
Ingen spørsmål er for små! Velkommen til eit sosialt og inkluderande fellesskap.
Os frivilligsentral held til i Det gamle kommunehuset i Postvegen 1.