Velkommen til innbyggarmøte 22. oktober: Å bli gammal i Bjørnafjorden

Er – eller planlegg du å bli – gammal i Bjørnafjorden? Då håpar vi å sjå deg i Oseana kunst- og kultursenter, torsdag 22. oktober 2026, kl. 18-20.

Program

  • Kva betyr utviklinga med fleire eldre for Bjørnafjorden? Terje Søviknes, ordførar 
  • Bustad- og innsatstrappa i Bjørnafjorden og planlegging av eiga framtid. Monica Totland Melvold, kommunalsjef Helse og velferd
  • Bustader som gjer det mogleg å bu heime lengre. Husbanken
  • Korleis halde deg aktiv, trygg og sjølvstendig. Rebecca Schieldrop og Mona Tysseland Hetleflåt, fysio- og ergoterapitenesta i Bjørnafjorden kommune

Pause. Stands i foajeen.

  • Bygging av bustader med moglegheit for heildøgns omsorg. Torgeir Sæter, prosjektleiar
  • Nye arbeidsmåtar og teknologi: Digitale løysingar og teknologi som støttar deg i kvardagen. Anne Halhjem, prosjektleiar for digital heimeteneste 
  • Sofaprat: Kva kan du gjere sjølv og kva kan du forvente av kommunen? Maria Therese Bjørdal frå Bjørnafjorden kommune i samtale med leiar for Bjørnafjorden eldreråd Bjørn Sivertsen, innbyggar Guttorm Jensen og kommunalsjef Helse og velferd, Monica Totland Melvold.
  • Frivilligheit og fellesskap. Stine Kobbeltvedt, leiar Os frivilligsentral

Lag, organisasjonar og kommunale tenester vil stå på stand i foajeen i pausen, og etter at programmet i salen er ferdig.

Buss tur-retur Eikelandsosen-Osøyro

  • Buss 740 frå Eikelandsosen terminal kl. 16.28 er framme ved Osøyro terminal kl. 17.13
  • Buss 740 frå Eikelandsosen terminal kl. 17.08 er framme ved Osøyro terminal kl. 17.53

Retur:

  • Buss 740 frå Osøyro terminal kl. 20.20 er framme ved Eikelandsosen terminal kl. 21.05
  • Buss 740 frå Osøyro terminal kl. 21 er framme ved Eikelandsosen terminal kl. 21.45