Velkommen til open kontordag onsdag 5. august

Har du spørsmål om detaljreguleringsplanen for parkeringsanlegg i fjell og ny kollektivterminal? Onsdag 5. august mellom klokka 14 og 18 inviterer Bjørnafjorden kommune til open kontordag i Vognhallen. Alle interesserte er velkomne til å stikke innom. 

Forslag til ny kollektivterminal på Osøyro. Illustrasjon: Multikonsult

På open kontordag er representantar Bjørnafjorden kommune og Multiconsult, som har utarbeidd planforslaget, stades for å svare på spørsmål og informere om planen. 

Prat og spørsmål, utan noko fast program 

Det blir verken presentasjon eller felles orientering frå kommunen. Føremålet med open kontordag er at Multiconsult og folk frå planavdelinga og prosjektavdelinga i kommunen er tilgjengelege for individuelle spørsmål og samtalar med innbyggarane.

På høyring med frist 4. september

Planen er lagt ut på høyring. Dersom du har merknader til detaljreguleringsplanen, kan du sende dei til oss seinast 4. september. Her finn du kunngjeringa med lenke til plandokumenta

Korleis blir det sjåande ut?

Multiconsult har laga skisser og fotomontasjar (PDF, 3 MB) av korleis kollektivterminalen med parkering i fjellhall kan kome til å sjå ut.  

Velkommen i Vognhallen

Du finn oss altså i Vognhallen frå klokka 14 til 18 onsdag 5. august. Kom gjerne innom og slå av ein prat. Vi skal svare etter beste evne.