
Hugseliste for å gjere soppturen trygg
- Delta på soppkurs.
- Plukk og reins alltid soppen éin og éin.
- Lær deg norske soppar og giftige soppar i Noreg. Soppartane varierer mellom ulike land og verdsdelar. Matsoppar i andre land kan likne på soppar som er giftige i Noreg.
- Bruk ny og oppdatert informasjon om sopp.
- Et berre sopp av god kvalitet. Kast marketen eller roten sopp.
- Matsoppen bør vere utvaksen eller ha nok kjenneteikn til at du kan identifisere han.
- Hald ulike soppartar frå kvarandre i korga, til dømes i forskjellige beger.
- Ver heilt sikker på kva sopp du plukkar, et eller serverer til andre.
- Sjekk soppen hos soppekspert (soppsakkunnig), anten på soppkontroll i nærleiken av deg, eller Digital soppkontroll på mobil.
- Bruk aldri kunstig intelligens til å bestemme sopp du skal bruke til mat.
Kontakt Giftinformasjonen ved mistanke om forgifting. Ring 22 59 13 00 (døgnopen)
For å lære meir om sopp du kan ete, sjå Norges sopp- og nyttevekstforbund
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 17.08.2026 15:40