Vi markerer verdas overdosedag - kom innom standen!
31. august er den internasjonale overdosedagen. I Bjørnafjorden markerer vi dette med stand på Osøyro mellom klokka 11.30 og 13 på måndag.
Vi minnest dei som har mista livet etter overdose, og viser medkjensle og støtte til dei som har mista nokon dei var glade i på denne måten.
Fleire hundre menneske i Noreg mister livet som følgje av overdose kvart år. I dag minnest vi alle som har gått bort, og viser medkjensle med menneska som saknar dei.
Yuchen Wang/Unsplash
Målet med markeringa er å bidra til auka kunnskap om rusbruk og overdosar, og slik seinke terskelen for å søkje hjelp og støtte for personar med rusproblem.
Kom innom viss du er på Os, få ein kaffikopp og ein vaffel og slå av ein prat med tilsette frå psykisk helse- og rustenester.
Velkommen bortom –vi gler oss til å sjå deg!
Sist endra 27.08.2026 14:28