Vil du bli besøksheim?No søkjer vi besøksheimar for barn i Bjørnafjorden. Du kan gjere ein stor forskjell i eit ungt liv.- Det skal ei heil bygd til for å oppdra eit barn, heiter det. Vi treng trygge vaksne som kan gi omsorg og tryggleik til fleire barn enn sine eigne. Jeremiah Lawrence/Unsplash Besøksheim er hjelpetiltak for barn og familiar, retta mot ulike målgrupper med forskjellige utgangspunkt. Les meir om kva det inneber og om dette er noko som kunne passe for deg og din familie: Bli besøksheimMange barn ber på tung bagasje. Som besøksheim kan du vere med å fylle ryggsekken med noko godt og trygt. Daiga Ellaby/Unsplash Gi eit barn gode opplevingar og verdifull avveksling frå ein krevjande kvardag. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak, kor ein familie tar imot eit barn eller søsken på oppdrag frå kommunen. Besøksheim bli ofte brukt når foreldre treng avlasting, eller når barn har behov for ekstra støtte og omsorg i periodar. Kortvarige opphald, ofte èi eller fleire helger i månaden. Besøksheim er ikkje det same som fosterheim og skal ikkje erstatte barnet sin heim. Besøksheimen samarbeider med barnet sine foreldre og kommunen, og får rettleiing og kompensasjon for oppdraget.Besøksheimen skal vere ein ekstra ressurs og eit “pusterom” for barnet, samstundes som det er ei støtte for foreldre med særleg tyngande omsorgsoppgåver.Det er viktig at besøksheimen har tid, overskot og overnattingsplass til eit ekstra barn, og at de kan gi barnet varme, tryggleik, positive opplevingar og avveksling i ein krevjande kvardag.Søk om å bli besøksheim Interessert i å vite meir om å vere besøksheim?Ring Familiens hus på telefon 90 18 28 50 Det er heilt uforpliktande. Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal Sist endra 21.09.2026 14:01