
Kva er ein meklar i Konfliktrådet?
- Ein meklar i konfliktrådet er ein nøytral tredjepart som hjelper folk i konflikt til å snakke saman og finne ei løysing dei kan bli einige om.
- Meklinga kan dreie seg om alt frå mindre straffesaker til nabokonfliktar, familiekonfliktar eller andre ueinigheiter.
- Meklaren møter partane i både individuelle forsamtalar og felles møte.
- Målet med meklinga er at partane sjølve blir einige eller kjem fram til ein avtale, til dømes om oppreising, unnskyldning eller konkret handling.
Kven kan bli meklar?
- Konfliktrådet er ei lekmannsordning.Det blir ikkje stilt formelle krav til utdanning eller praksis, men det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar/eignaheit.
- Konfliktrådet Vest søkjer personar som har interesse for menneske og dialog, og som kan setje av minimum 10 timar i månaden til oppgåva.
- Å vere meklar er eit verv du blir oppnemnd til, for ein periode på fire år.
- Du må vere over 18 år, ha plettfri vandel og svært gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Konfliktrådet Vest ønskjer ei breidt samansett meklargruppe med ulik alder, kjønn og bakgrunn, slik at dei gjenspeglar lokalsamfunnet. Personar med fleirkulturell bakgrunn er spesielt velkomne til å søkje. I nokre tilfelle kan det vere nyttig med andre språkkunnskapar og utvida kulturforståing i møte med menneske i konflikt.
Opplæring og krav
Alle nye meklarkandidatar får obligatorisk grunnopplæring i konflikthandtering og metoden gjenopprettande prosess.
Kurset går over totalt sju heile dagar hausten 2026:
- Bolk 1: 4 dagar
- Bolk 2: 3 dagar
Kurset blir halde på Gardermoen på dagtid. Konfliktrådet dekker utgifter til reise og opphald, og eventuell dokumentert tapt arbeidsforteneste for kandidatar som ikkje får lønna permisjon.
I tillegg kjem eit obligatorisk møte ved det lokale konfliktrådet kort tid etter kurset.
Kva kan du forvente som meklar?
Du får regelmessig oppfølging, både individuelt og saman med andre meklarar i det lokale konfliktrådet ditt, i tillegg til invitasjon til ei til to årlege meklarsamlingar for fagleg utvikling. Det er forventa at du deltar på desse samlingane.
- Du kan kombinere meklarvervet med jobb eller studier, sidan oppgåvene i hovudsak blir gjennomført på ettermiddags- og kveldstid.
- Godtgjering for meklarar er for tida kr 248,- per time for arbeid med meklingssaker.
- Det er eit krav at du disponerer eigen berbar PC eller nettbrett, mobiltelefon og har grunnleggande digitale ferdigheiter.
Søknadsfrist: 29. mai 2026
Søk her
Har du søkt tidlegare? Konfliktrådet Vest oppbevarer opne søknader som er sendt dei to siste åra. Dersom du allereie har søkt etter april 2024, treng du ikkje å sende inn ein ny søknad. Du vil bli vurdert på lik line med andre søkjarar.