Rebecca Schieldrop og Mona Tysseland Hetleflåt er fysioterapeutar i kommunen.
Balanse og styrke gir tryggleik i kvardagen
Mange opplever med åra at balansen blir dårlegare eller kroppen kjennest meir ustø. Då kan kvardagen sakte men sikkert bli meir avgrensa.
- Det å kjenne seg trygg i eigen kropp er avgjerande for å leve eit fritt og aktivt liv. Heldigvis går det an å få betre balanse og styrke gjennom enkel trening, seier fysioterapeutane Rebecca Schieldrop og Mona Tysseland Hetleflåt.
Kva er Sterk og stødig?
Sterk og stødig er styrke- og balansetrening i grupper, tilpassa vaksne over 65 år som kjenner seg litt meir ustøe enn før, eller som merkar tidlege teikn på funksjonssvikt. Treninga gir betre balanse, meir styrke og ikkje minst større tryggleik i kvardagen. Gruppetreningane blir leia av frivillige instruktørar, som blir kursa og følgt opp av fysioterapeutar i kommunen. På sidene til Nasjonalt senter for aldring og helse kan du lese meir om Sterk og stødig.

Kven passar Sterk og stødig for?
Sterk og stødig er for deg som
- er over 65 år
- bur i eigen heim
- i hovudsak klarer deg sjølv i kvardagen. Du kan til dømes ha hjelpemiddel, tryggleiksalarm eller matlevering, men ikkje heimesjukepleie.
- kan gå utan hjelpemiddel innandørs. Det er nødvendig fordi treninga føregår ståande og gåande på ein trygg måte.
- opplever endringar i endring i evna til bevegelse eller kjenner deg ustø i enkelte situasjonar.
Du må kome deg til og frå treningane sjølv
Gruppetreningane blir på Luranetunet. Treninga er gratis, men du må kome deg til treningane sjølv. Transporten er ikkje dekt av frikortordninga / pasientreiser. Sterk og stødig er meint å vere eit viktig supplement i kommunen sitt samla treningstilbod for seniorar, men det erstattar ikkje treningssenter eller behandlingstilbod.
Fullteikna i haust, men du kan melde interesse
Gruppa i haust er fullteikna. Dersom du er interessert i å delta seinare, kan du fylle ut namn og telefonnummer i felta under og trykk Send inn. Vi tar kontakt med deg for ein prat når vi planlegg ny gruppe våren 2027.
Vil du bli instruktør?
Sterk og stødig har sidan starten for 20 år sidan gitt livsglede og meistring til tusenvis av eldre over heile landet. 150 norske kommunar har fått i gang Sterk og stødig-trening. Meir enn 1000 frivillige instruktørar bidrar, og meir enn 10 000 deltakarar møter kvar veke opp til trening som gjer ein reell forskjell.
I vinter fortalde Hetleflåt og Schieldrop i lokalmedia om treningstilbodet, og inviterte potensielle instruktørar til å melde seg. No har dei tre frivillige på lista, som er klare for å bli kursa til hausten og starta Sterk og stødig-grupper på Os-sida.
Hetleflåt og Schieldrop gler seg til å sette i gang tilbodet, og vil gjerne ha kontakt med fleire som er interessert i å vere instruktør. Det blir instruktør-kurs i september.
Kurs til hausten, og oppfølging undervegs
- Instruktørane får opplæring, og vi i fysioterapitenesta følger dei opp. Som instruktør leier du ei treningsgruppe ein gong i veka. Du treng ikkje stille kvar veke – fleire instruktørar kan dele på ansvaret, og det er rom for fleksibilitet, seier Hetleflåt og Schieldrop.
Det blir instruktørkurs til hausten, med to heile kursdagar og ein halv dag med praktisk gjennomføring.