Kunngjering av vedtatt områdeplan for Osøyro

Bjørnafjorden kommunestyre har i møtet den 21.11.2024 behandla Områdeplan for Osøyro og gjort følgjande vedtak i saka (132/2024): 

"Bjørnafjorden kommunestyre vedtar framlegg til områdeplan Osøyro, plan-ID 20140800 med plankart datert 14.10.2024 og føresegner datert 14.10.2024, når følgjande er retta opp/lagt inn i føresegnene:

Føresegnene – tillegg til kap 1 Siktemålet med planen 

Nytt 3.avsnitt (tillegg til eksisterande tekst); I planarbeidet har hovudfokus difor vore den langsiktige og heilskaplege hovudstrukturen på Osøyro, balansert mot omsynet til økonomisk realisme for gjennomføring innafor planen sin tidshorisont. I vidare oppfølging med detaljregulering av utbyggingsområda må ein difor leggja vekt på stadtilpassing og økonomisk realisme for gjennomføring av utbyggingstiltak. 

Føresegnene – tillegg til kap. 2.1.1 Plankrav – generelt 

Nytt 2.avsnitt (tillegg til eksisterande tekst); Ved detaljregulering skal ein sikra stadtilpassing og økonomisk realisme for gjennomføring av utbyggingstiltak. Justeringar i føresegnene; 3.1.1.2 Minste felles uteopphaldsareal (MUFA) og minste uteopphaldsareal (MUA) Tabell 1.linje vert endra slik; Bustader innanfor sentrumsføremål og kombinert føremål; MUFA 10 m2, MUA 5 m2, Valfritt 5 m2 – Total 20 m2 (i dag 15 – 5 – 10 = 30) .

Under overskrift Unntak frå kravet til MUFA vert avsnitt 2 endra til; 

«Vilkår for unntak er at det blir inngått avtale om innbetaling av ei beløp pr. m2 som kommunen skal nytta til opparbeiding av offentleg leikeplass, torg eller park, eller inngått avtale om at tiltakshavar skal opparbeida slikt areal i tråd med føringar frå kommunen som grunneigar».

3.1.5.1 Felles føresegner for sentrumsføremål

4.avsnitt vert endra slik; Innvendig høgde i 1. etasje skal vera på minimum 4 meter. Berekna etasjehøgder setjast til 4 m i 1.etasje (publikumsretta) og 2,8 m for 2.etasje og oppover (bustad). Avrunda vert 3 etasjar = 10 m, 4 etasjar = 12,5 m, 5 etasjar = 15,5 m, 6 etasjar = 18 m. 

Føresegnene: Tillegg i tabell under kap 3.1.5. Føresegner til felt: Tabell må oppdaterast i tråd med pkt 2.2 i føresegnene (SF 35 og SF 46) Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova §12-12 fyrste avsnitt, jf. § 1-5. Kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplan kan klagast på, jf. pbl. § 12-12, tredje avsnitt, jf. § 1-9m jf. fvl. § 28. 

I samsvar med fvl. § 27 b, blir det bestemt at søksmål om gyldigheita av vedtaket eller krav om skadebot som følgje av vedtaket, ikkje skal kunne reisast utan at part har nytta sitt høve til å klage over vedtaket, og at klagen er oppe og avgjort av den høgaste klageinstansen som står open".

Områdeplanen fastset rammer for arealbruk som skal sikre overordna mål og føreseielegheit for ønska utvikling innafor for planområdet med ein gjennomføringshorisont mot 2040. Planen skal utvikle Osøyro til å bli ein attraktiv stad å bu, besøka, drive næring og handel, oppsøke tenester og å treffast. Planen skal styrka identiteten og særpreget i sentrum av Os. 

Planomtale og føresegner er retta opp i samsvar med vedtaket. 

Planomtalen finn du her. (DOCX, 27 MB)

Føresegnene finn du her. (DOCX, 806 kB)

Plankartet finn du her. (PDF, 41 MB)

Øvrige saksopplysningar finn du her.

Vedtaket kan påklagast. Fristen for å klage er den 15. januar 2025. Venlegst referer til saksnummer 20/2461 i klagen.

Klagen skal vera skriftleg og sendast til: 

Bjørnafjorden kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen 

eller post@bjornafjorden.kommune.no

Ver merksam på at merknaden din kan bli gjenstand for offentleg innsyn, i tråd med offentlegheitslova og arkivlovgiving.

Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket som følge av klagen blir klagen sendt til overordna forvaltningsorgan som er Statsforvaltaren i Vestland. 

Eventuelle krav om innløysing eller erstatning som følge av reguleringsplanen, jf. pbl § 15-2, må framsetjast innan 3 år frå kunngjering eller når busetnad er fjerna.