Ofte stilte spørsmål

Må eg søke? Kva betyr eigentleg gesimshøgd? Kvar finn eg kvalifiserte fagfolk? Du er ikkje den einaste som lurer. Her har vi samla ofte stilte spørsmål om byggesak. 

Kan eg teikne sjølv?

Ved søknader du kan skrive sjølv (utan ansvarsrett) kan du òg teikne sjølv, dersom du har ferdigheitene som trengst. Du kan òg få ein profesjonell til å teikne for deg.

Kva teikningar som er nødvendige, kjem an på kva kva du skal bygge. Det er viktig at du har med alle nødvendige opplysningar, og at teikningane har god kvalitet, slik at saksbehandlar og naboar kan vurdere søknaden. Målestokk 1:100 er vanleg. 

Krav til teikningar

Informasjon i tittelfeltet til teikninga
  • gardsnummer og bruksnummer (gnr./bnr.)
  • adresse
  • tiltakets art
  • teikningsnummer og revisjonsnummer 
  • målestokk
  • dato
  • signatur

 

Situasjonsplan

Situasjonsplanen blir utarbeidd på grunnlag av situasjonskartet, og viser plasseringa av tiltaket i 1:500 eller 1:1000. Avstandane blir vanlegvis målsette på teikninga i meter. Planen viser då

  • reguleringslinjer (plangrenser, formålsgrenser, byggegrenser)
  • avstand til næraste nabogrense
  • avstand mellom bebyggelse
  • avstand til nabobebyggelse
  • avstand til senter av veg
  • vatn- og avløpsleidningar
  • arealbruk for parkering og minste uteopphaldsareal (MUA)
  • takflate og møneretning
  • tilkomst og parkering når det er relevant

 

Snitt-teikningar

Snitt-teikningane viser innvendige høgder og terrengtilpassing. På snitt-teikninga viser

  • innvendige høgder
  • utvendige høgder
  • kotehøgder og sokkelhøgd
  • terrenglinjer
  • ytterveggar med riktig tjukn
  • takvinkel

 

Fasadeteikningar

Fasadeteikningane skal gi eit riktig bilete av bygget si utforming. Det inneber

  • teikningar av kvar fasade med angitt himmelretning
  • materialval
  • terrenglinjer som viser eksisterande og nytt terreng
  • gesims- og mønehøgd
  • avstand til grenser

 

Planteikningar

Planteikningar skal vise

  • plassering av dører og vindauge (målsette opningar)
  • innvendige og utvendige mål
  • romareal
  • plassering av snitt
  • kva romma skal brukast til (romnamna kan vere kjøkken, soverom osb.)
  • ikkje-spesifikke namn som for eksempel "disponibelt rom" blir ikkje godkjent

 

Korleis nabovarslar eg?
Korleis sender eg varsel?

Varsling kan skje på fleire måtar. Du kan sende varslingsskjemaet til naboane som rekommandert brev i posten, du kan oppsøke naboane personleg og få underskrift på varslingsskjemaet, eller du kan sende varslingsskjemaet på e-post med mottaksstadfesting.

Det er ikkje nødvendig å varsle naboar og gjenbuarar dersom arbeidet i liten grad berører naboane sine interesser, eller tiltaket skal gjerast på ein stor eigedom med stor avstand til naboen.

Dersom det går meir enn eitt år frå du som søker sende ut nabovarselet til du sender inn søknaden, må du sende ut eit nytt nabovarsel.

Kva skal varselet innehalde?

I varselet må tiltaket vere såpass tydeleg skildra at naboar og gjenbuarar har informasjonen dei treng for å vurdere om og korleis dei vil bli berørt av tiltaket. Dersom du søker om dispensasjon, må varselet opplyse om kva du søker om dispensasjon for.

Som søkar må du oppgi ein frist for når du skal ha mottatt eventuelle merknader fra naboar. Fristen må vere på minst to veker etter at nabovarselet er sendt og dokumentasjonen er tilgjengeleg for naboane som skal varslast.

Kven er naboar og gjenbuarar?

Nabo er eigar av eigedommen som har felles grense med tiltakshavar sin eiendom. Gjenbuarar er dei som bur på eigedommar som er skilt frå tiltakshavar sin eigedom med ein veg, gate, elv eller anna areal (for eksempel friareal).

Kommunen kan krevje at andre eigarar eller festarar enn naboar og gjenbuarar blir varsla viss dei blir berørt av byggeplanane. Som søkar skal du ikkje sende kopi av nabovarselet til kommunen – det gjer du først når du sender søknaden.

Dersom ein person som har rett til å bli varsla er død, og det ikkje er foretatt skifteskifte av eigedommen, må tiltakshavar ta kontakt med skifteretten for å finne ut kven som representerer dødsbuet, og sørge for at varsel blir sendt til buet.

Kven av naboane som skal varslast finn du informasjon om i nabolista

Korleis handterer eg som søkar merknader frå naboen?

Søkar skal ta imot merknader som naboar har til nabovarselet. Tiltaksplanane kan endrast med omsyn til merknadane før du sender søknaden til kommunen. Dersom endringane i tiltaksplanane er såpass vesentlege at dei kan få tyding for andre naboar, må du som søkar sende nytt nabovarsel.

Når du sender søknaden til kommunen skal søknaden innehalde kva opplysningar som var sendt med nabovarselet, og kvittering på at naboane er varsla, og når.

Kvar finn eg skjema eg kan bruke i nabovarselet?

Skjemaa for nabovarsel finn du på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet 

Matrikkelforskrifta gir føringar for utlevering av nabolister.

For å få utlevert naboliste må du

  • ha ein gyldig grunn.
  • identifisere deg.

Alle heimelshavarar har rett til å få informasjon om kven som eig naboeigedommane. Dersom du ikkje er hiemelshavar må du ha fullmakt frå grunneigar. Kommunen må arkivere utleveringa.

 

Kvar finn eg fagfolk?

Sentralt godkjente foretak Registeret Sentralt godkjent er ei kvalitetsordning for føretak i byggenæringa. Her finn du opplysningar om alle føretak som har fått rett til å bruke kvalitetsmerket "sentralt godkjent".

 

 

Når får eg svar?

Som hovudregel er behandlingsfristen 3 veker for byggetiltak som er i tråd med regelverket, og 12 veker for meir omfattande saker.

Vi reknar saksbehandlingstida frå vi mottar ein fullstendig søknad med all nødvendig dokumentasjon. Dersom det tar uforholdsmessig lang tid før du kan få svar i ei sak, vil vi gi deg informasjon om dette.

Når kan du vente svar på søknaden din?
Du søker om Du kan vente svar innan
Møte med saksbehandlar for å førebu søknad (førehandskonferanse) 2 veker
Igangsettingsløyve 3 veker
Mellombels bruksløyve 3 veker
Ferdigattest 3veker
Byggetiltak der alle vilkår er oppfylte og det ikkje er nødvendig med uttale eller samtykke frå ein annan myndigheit (til dømes Vegvesenet) 3veker
Rammeløyve 12 veker
Omfattande byggetiltak, med og utan dispensasjon frå reguleringsplan 12 veker

Er rehabilitering av skorstein søknadspliktig?

Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske intallasjonar, inkludert skorstein, er søknadspliktig etter plan- og bygningslova (pbl) § 20-1 bokstav f, med krav om bruk av ansvarlege føretak. Dette inneber at rehabilitering, f.eks. i form av installasjon av nytt rør eller bruk av glidestøp i eksisterande pipeløp, er søknadspliktig.

Kan eg søke som sjølvbyggar?

Dersom du kan søke sjølv, står du òg ansvarleg for gjennomføringa. Du kan få en profesjonell til å gjere jobben, eller du kan gjere det sjølv. Dette gjeld òg for tiltak som ikkje krev søknad. 

For tiltak som krev ansvarsrett kan du i utgangspunktet ikkje bygge sjølv. Dersom du har kompetanse og erfaring, er det mogeleg å søke som sjølvbyggar i tiltaksklasse 1. 

Kan eg sette opp eit gjerde utan å søke?

Gjerde mot nabo er i utgangspunktet ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1, og kan derfor normalt settast opp utan å søke kommunen om løyve. Er gjerdet høgt eller i strid med plan, vil det kunne vere søknadspliktig etter § 20-1. Gjerde som ber preg av å vere levegg, kan vere søknadspliktig. Sjå meir informasjon om leveggar i artikkelen om Unntak søknadsplikt. Gjerde mellom naboer er regulert av lov om grannegjerde

Du kan sette opp enkle, lette konstruksjonar som flettverksgjerde og andre gjerde som ikkje er tette, mot veg utan å søke kommunen om tillatelse. Innhegninga kan maksimalt vere 1,5 meter høg, og må ikkje hindre sikta langs vegen frå innkøyrsle til gardsplass, gangsti eller liknande. Dette følger av plan- og bygningslova § 20‐5 e), og SAK10 § 4‐1 (1) e. 

Mindre innhegning vil seie opne, enkle og lette konstruksjonar som flettverksgjerde og andre gjerde som ikke er tette. Tette, tyngre gjerde, f.eks. skjermvegg eller der innhegning òg er støyskjerm, vil vere konstruksjonar som kan kreve løyve. Ver merksam på at planbestemmingar kan ha reglar om gjerde. 

Her finn du svar på fleire vanlege spørsmål om søknadsplikt: 

Må eg søke før eg bygger?

Det er viktig å merke seg at fritak frå søknadsplikta ikkje er det samme som eit løyve. Når du gjer eit tiltak som er unntatt søknadsplikt, er du sjølv ansvarleg for at tiltaket følger dei reglane som gjeld i plan- og bygningslova, byggeteknisk forskrift, kommuneplan, reguleringsplan og kommunale vedtekter. Tiltaket må heller ikkje vere i strid med anna regelverk. Det vil seie at du i mange tilfelle ikkje har lov til å utføre tiltaket. Det er derfor viktig at du set seg inn i kva du lovleg kan oppføree på eigedommen din.

Ver særskilt merksam på at du ikkje bygger over byggegrense mot veg, over leidningar i grunnen, eller i strid med utnyttingsgraden på eigedommen din.

Det er ofte avgrensingar ved tomta som gjer at tiltak ikkje kan oppførast, eller at du må søke om dispensasjon. Eksempel på dette kan vere at du ikkje kan bygge garasje utan å søke fordi det er ei byggegrense mot vegen, eller at tomta di er maksimalt utnytta. Det er då ikkje høve til å bygge meir på tomta. Utnyttinga av tomta finn du i reguleringsplanen eller kommuneplanen. 

Direktoratet for byggkvalitet har laga ein rettleiar som hjelper deg å finne ut om du kan bygge utan å søke

Unntaka frå søknadsplikt følger av saksbehandlingsforskrifta, Sak10

Tiltak untatt søknadsplikt

Hugs å undersøke 

  • utnyttingsgraden til tomta di. Mange tomter er fullt utnytta.
  • om tiltaket krev dispensasjon.
  • byggegrense langs veg.

Desse tiltaka er unntatt søknadsplikt

Frittliggande bygning

Det er unntak for søknadsplikt for enkelte frittliggande bygningar som ikkje skal brukast til bustad, og der verken samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 50 m². Eksempel er garasje, uthus, verkstad, hobbybod, skrivestove, veksthus eller dokkestove.

  • Mønehøgd skal ikkje vere over 4,0 meter, og gesimshøgd ikkje over 3,0 meter.
  • Bygninga kan oppførast i éin etasje og kan ikkje underbyggast med kjellar.
  • Tiltaket kan plasserast inntil 1,0 meter fra nabogrense og annan bygning på eigedommen.
  • Bygninga må ikkje plasserast over leidningar i grunnen.
  • Bygninga må ikkje komme i konflikt med plankart eller planbestemmelsar.

 

Mindre tilbygg

Tilbygg som ikkje inneheld rom til varig opphald eller bustad, og som verken har eit samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) på over 15 m², er unntatt søknadsplikt. Eksempel er bod, understøtta veranda eller ope overbygd inngangsparti.

  • Tilbygget må vere understøtta.
  • Tilbygget kan ikkje overstige to etasjar eller plan på det eksisterande byggverket.
  • Tilbygget kan ikkje ha rom til bustad eller varig opphald. Det betyr at tilbygget ikkje kan innehalde kjøkken, stove, soverom, våtrom eller andre rom som inngår i hovuddelen av bustaden, slik som entré, gang eller isolert vinterhage.

Tilbygget må plasserast i tråd med plan- og bygningslova sine reglar om avstand. Dette inneber at avstanden til nabogrensa må vere minst halve høgda til bygget, og ikkje mindre enn 4,0 meter.

Mindre tiltak i eksisterande bygning

 

  1. Ikkje-berande vegg innanfor ei branncelle eller et lydområde.
  2. Installering, endring og reparasjon av våtrom i eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle.
  3. Installering og endring av enkle installasjonar i eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle.
  4. Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle.
  5. Reparasjon av bygningstekniske installasjonar, som for eksempel ventilasjonsanlegg, sanitæranlegg og heis, og  varme- og kjøleanlegg. Reparasjon er ikkje lenger begrensa til dei installasjonane som er innanfor éi brukseining eller branncelle.

 

Mindre tiltak utendørs

 

  1. Levegg med høgd inntil 1,8 meter og lengd inntil 5,0 meter inntil nabogrense.
  2. Levegg med høgd inntil 1,8 meter og lengd inntil 10,0 meter, og avstand til nabogrense ikkje mindre enn 1,0 meter.
  3. Innhegning/gjerde mot veg med inntil 1,2 meter høgd. Innhegninga må ikkje hindre sikta i frisiktsonar mot veg. Mot nabo gjeld lov om grannegjerde, og dette er eit privatrettsleg forhold.
  4. Skilt- og reklameinnretning inntil 3,0 m² montert flatt på vegg. Unntaket omfattar ikkje montering av fleire skilt- og reklameinnretningar på samme fasade.
  5. Mindre forstøtningsmur på inntil 1,0 meter høgd og avstand frå nabogrense på minst 1,0 meter eller forstøtningsmur på inntil 1,5 meter høgd og avstand frå nabogrense på minst 4,0 meter. Muren må ikkje hindre sikta i frisiktsonar mot veg. Muren må ikkje vere i konflikt med byggegrenser.
  6. Mindre fylling eller planering av terreng. Tiltaket må uansett ikkje føre til meir enn 3,0 meter avvik frå opprinneleg terrengnivå i spredtbygd strok, eller 1,5 meter avvik frå opprinneleg terrengnivå i tettbygd strok. På tettbygd eigedom for rekke- eller kjedehus o.l. må avviket ikkje vere meir enn 0,5 meter frå opprinneleg terrengnivå. Avstand frå fyllingsfoten til nabogrensa må vere minst 1,0 meter. Endringar i terreng må ikkje hindre sikta i frisiktsonar mot veg.
  7. Graving for kablar.
  8. Lokal drenering, og reparasjonar ved rør- og leidningsbrot.
    Intern veg på tomt og biloppstillingsplassar for tomta si bruk som ikke krev vesentleg terrenginngrep. Avstand til nabogrense må vere minst 1,0 meter.

 

Andre mindre tiltak som kommunen finn å kunne unnta søknadsplikt

 

  1. Varmepumpe i småhusbebyggelse, som er integrert arkitektonisk i bygninga.
  2. Handikaprampe i småhusbebyggelse. Rampen skal vere i tilknyting til inngangsparti i første etasje og inntil 3 m².
  3. Demonterbart mindre basseng (maks 7000 liter) eller badestamp (maks 2000 liter) på bebygd bustad/fritidseigedom. Bassenget/stampen skal ikkje vere nedgravd i bakken
  4. Utepeis og utegrill.
  5. Flaggstang, utan reklame, plassert på terreng i tilknyting til bustad, inntil 9 meter høg.

 

 

 

Kan eg byte ansvarleg føretak?

Det er mogeleg å skifte ansvarleg føretak.

Når ansvarleg føretak sitt ansvar opphøyrer, skal føretaket melde frå til ansvarleg søkar, som har ansvar for å melde frå til kommunen. Føretaket skal sikre dokumentasjon for det arbeidet som er utført fram til opphøyr innanfor sitt ansvarsområde, inkludert samsvarserklæringar og kontrollerklæringar, og ivareta grensesnitt mot nytt ansvarleg føretak. Nytt ansvarleg føretak skal i erklæring om ansvarsrett klargjere det ansvaret dette føretaket påtar seg, jf. § 23-8 i plan- og bygningslova og SAK10 § 12-6

Ved skifte av ansvarleg føretak skal det sendast inn følgande blankettar:

• Melding om endring av ansvarsrett blankett 5186

• Opphøyr av ansvarsrett før ansvarsområdet er ferdigstilt blankett 5183

• Erklæring om ansvarsrett, blankett 5181

• Revidert gjennomføringsplan, blankett 5185 

Blankettane finn du hos Direktoratet for byggkvalitet 

Må eg avtale ein førehandskonferanse?

Førehandskonferanse er ei frivillig ordning for å avklare føresetnader for byggetiltaket, og rammene for den vidare saksbehandlinga. For enklare spørsmål kan du bestille telefonavtale eller digital avtale med ein saksbehandlar.

Førhandskonferanse er gebyrbelagt. 

Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som du sjølv kan søke om løyve til, kan du møte kommunen aleine. For tiltak som krev at du engasjerer et firma for søknaden, bør du ha med deg firmaet til møtet. Kommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen.

 

Kor mykje kostar byggesaka mi?

Kor mykje ei byggesak kostar er bestemt i gebyrregulativet til Bjørnafjorden kommune.

Gebyrregulativet for byggesak finn du i oversikten over kommunale avgifter, gebyr og prisar. 

Kva er eigedommen regulert til?

Du kan søke i Bjørnafjorden kommune si kartløysing for å finne ut kva arealbruksføremål eigedommen har. 

Korleis søke dispensasjon?

Ansvarleg søkar/tiltakshavar må sende ein grunngitt søknad om dispensasjon til kommunen, jf. plan- og bygningslova (pbl.) § 19-1. For å unngå misforståingar er det viktig at søknaden er heilt tydeleg på kva du søker dispensasjon frå.

I tillegg skal ein søknad inneholde gode grunnar for å få dispensasjon.

Er tiltaket søknadspliktig?

Regelverket er ikkje heit eintydig når det gjeld kva som er søknadspliktig og kva som kan gjerast utan søknad. Etter at reglane blei endra 1.7.2016, er det tiltakshavar sjølv som må vurdera kva som er søknadspliktig.  Du finn meir informasjon på Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

Kvar finn eg skjema?

Byggesaksblankettar/søknadskjema finn du på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.

Kva er status i saka mi?

Du kan søke etter saka di i innsynsløysinga til kommunen. Du kan søke på saksnummer eller gards- og bruksnummer (gnr/bnr).

Korleis søke?
Dette må vere med i søknaden

Søknaden skal sendast inn i eitt eksemplar. I tråd med §5-4 Byggesaksforskrifta (SAK10) skal søknaden innehalde:
 

  • Søknadsblankett nr. 5153*

  • Kvittering for nabovarsel og Opplysninger gitt i nabovarsel. blankett nr. 5155 og 5156

  • Naboar og gjenbuarar skal varslast. Dersom du skal søke om dispensasjon, skal det varslast særskilt om dette. Søknaden kan ikkje sendast til kommunen før fristen for nabomerknader.

  • Eventuelle merknader frå naboar med utgreiing om korleis desse eventuelt er tatt omsyn til.

  • Situasjonsplan med tiltaket innteikna i målestokk. Kartgrunnlag må vere av nyare dato og bestillast hos kommunen. Du finn mer informasjon i informasjonsarket «Situasjonsplan – hva kreves?»

  • Teikningar. Dei skal vere fagmessig utført og i målestokk, f. eks. 1:100. Teikningane skal vise snitt, fasadar og plan, samt dokumentasjon av estetisk tilpassing. Les meir om krav til teikningar under Ofte stilte spørsmål (klikk på "Kan eg teikne sjølv?) 

  • Eventuelle uttalar og avgjerder frå andre myndigheiter som nemnt i SAK10 § 6-2 (vegmyndighet etc.)

  • Eventuelt søknad om dispensasjon*. Er søknaden avhengig av dispensasjon frå plangrunnlaget eller andre bestemmingar, ker det krav om begrunna søknad etter § 19-1 i plan- og bygningslova. Søknad om dispensasjon frå det generelle avstandskravet til nabogrensa er ikkje nødvendig dersom det føreligg skriftleg samtykke frå dei berørte. Dette i samsvar med § 29-4 i plan- og bygningslova og teknisk forskrift (TEK 10) § 6-4.

 

Når kan du begynne å bygge?

Du kan begynne å bygge tre veker etter at søknaden er mottatt av kommunen, for tiltak etter Plan- og bygningslova §§ 20-2, 20-3 og 20-4, dersom følgande vilkår er oppfylt etter § 21-7 i plan- og bygningslova:

  • Søknaden er komplett, det vil seie at han inneheld all nødvendig informasjon

  • Det du skal bygge/gjere er i samsvar med bestemmingar gitt i eller i samsvar med pbl (er i samsvar med arealplan eller dispensasjon er innhenta på førehand).

  • Det er ikkje nødvendig med ytterlegare løyve, samtykke eller uttale frå anna myndigheit etter SAK10 § 6-2.

  • Kommunen har ikkje gitt deg beskjed om forlenga saksbehandlingsfrist etter SAK10 § 7-3.

Dersom desse vilkåra ikkje er oppfylt, må du vente med å bygge til du har fått skriftleg løyve frå kommunen. Kommunen har då frist på 12 veker til å gi deg svar. Sjå § 21-7 i plan- og bygningslova.