Dette er Bjørnafjorden kommune

Google Maps Bjørnafjorden kommune ligg vakkert til ved fjorden den har fått namnet sitt frå, 40 minutt sør for Bergen.
Her finn du fjell, fjordar og fossar. Du finn også levande kultur og historie, skisenter, badeland, ein fantastisk skjærgard, lune gjestehamner, yrande båtliv og godt fiske. 

Bjørnafjorden kommune såg dagens lys 1. januar 2020, etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har litt over 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Sjå kart

Administrasjon

  • Tilsette i kommunen: Om lag 1800
  • Administrasjonsmålform: Nynorsk
  • Kommunesenter: Osøyro

Folk

  • Folketal: 25 267 (1. kvartal 2022)
  • Vanlegaste fornamn: Jan, Hans, Anne
  • Vanlegaste etternamn: Haugland, Lyssand, Holmefjord

Areal

  • Areal: 519  km2
  • Innbyggarar per km2: 52
  • Andel innbyggarar som bur i tettstad: 76 prosent
  • Ferskvatn: 30 km2
  • Kystline: 355,3 km
  • Grenser til: Bergen, Samnanger, Kvam, Tysnes, Kvinnherad
  • Høgaste fjell: Tveitakvittingen (1299 m.o.h.)
  • Største innsjø: Skogseidvatnet 5,28 km2

Næringsliv

  • 1093 bedrifter
  • 12 gasellebedrifter (2020)

Hus og hytter

  • 7575 einebustader, 958 leilegheiter
  • 2,38 personar i kvar husstand
  • 1593 hytter

Veg

  • 171 km kommunal veg
  • 148 km fylkes- og riksveg

Skule og barnehage 

  • 17 barneskular (14 kommunale, 3 private), 3 ungdomsskular og 4 vidaregåande skular (3 fylkeskommunale, 1 privat)

  • 24 barnehagar (8 kommunale, 16 private)

Kyrkjer

  • 7 kyrkjebygg
  • 13 kyrkjegardar

Fritid

  • Over 265 frivillige lag og organisasjonar registrerte i Frivillighetsregisteret
  • 3 svømmehallar, 6 innandørs hallar/gymnastikksalar, 18 fotballbanar, 23 ballbingar, 11 sandvolleyballbanar, 7 skytebanar, 1 friidrettsanlegg, 1 motorcrossbane, 2 lysløyper, 2 skiskyttaranlegg, 1 ridehall

Bibliotek

To folkebibliotek: Eitt på Os og eitt i Eikelandsosen

  • 36 000 titlar i boksamlinga i Os, 21 000 i Eikelandsosen
  • 51 892 besøk på Os folkebibliotek i 2018 – meir enn to besøk per innbyggar!
  • 42 000 utlån av bøker og andre medium i Os i 2018
Til toppen