Skal laget ditt søke kulturmidlar? Hugs fristen 1. mars! Lenke til søknadsskjema finn du nedst på denne sida.
Kulturmidlar er tilskot til dagleg drift av eit lag eller organisasjon. Målet med ordninga er å stimulere til aktivitet innan kulturområdet. Tilskot blir gitt for eitt år om gongen og følger kalenderår.
Kommunen kan gi tilskot til drift innan desse områda:
- Idrett og friluftsliv (idrettslag, skyttarlag, friluftsorganisasjonar mm)
- Kunstnarleg utfalding (musikk, biletkunst, dans, handverk mm)
- Generelt kulturarbeid (lokalhistorie, sosialt arbeid, fritid mm)
Vilkår for søknaden
- Frivillige lag og organisasjonar som er opne og ideelle kan søke om kulturmidlar.
- Eit lag eller ei foreining kan berre sende ein søknad.
- Barn og unge opp til 20 år og grupper som treng særleg tilrettelegging, blir prioriterte, men lag og organisasjonar med andre målgrupper kan òg søke.
- I søknad skal det framgå medlemstal og aktivitet i laget retta mot dei prioriterte målgruppene.
- Utmåling av tilskot er basert på medlemstal. Beløpsstorleik må vere tilpassa søknadsmasse og budsjettramme, og kan endra seg frå år til år.
- For å kunna søka må organisasjonen levera årsmelding og rekneskap godkjend av siste årsmøte, som vedlegg til søknad.
- Laga må vera registrert i Brønnøysund Frivilligregisteret
Sist endra 19.02.2025 08:52