Bygolv med bidrag frå Bjørnafjorden

For tre år sidan blei alle kommunar i landet invitert til å bidra med lokal stein til eit 800 kvadratmeter stort kunstverk i det nye regjeringskvartalet i Oslo. No er bygolvet Sebastia fullført og høgtideleg opna. 

Oversiktsbilde av Jumana Mannas bygulv «Sebastia» (2025), regjeringskvartalet, Oslo. Niklas Hart / KORO

I februar 2024 sende Kultureininga i Bjørnafjorden kommune fem steinar over fjellet, og ein av dei blei del av kunstverket. 100 kommunar og andre aktørar frå heile landet har bidratt med gjenbrukt stein, som kunstnaren Jumana Manna saman med eit stort team steinleggarar har pusla saman til kunstverket Sebastia.  

På heimesida til KORO, Kunst i offentleg rom, kan du lese meir om prosjektet, og på kunstverket si eiga nettside finn du informasjon om bidraget frå Bjørnafjorden - og du kan søke opp historia til alle dei andre steinane, viss du vil.  

Kanskje vil nokon meine at det er i overkant å markere akkurat vår stein blant så mange, men vi er kommunen, så sånn må det bli. Pila peikar på Bjørnafjorden sitt bidrag til kunstverket Sebastia, ofte berre omtalt som bygolvet, i Regjeringskvartalet i Oslo. Pål Weiby / Statsbygg (henta frå koro.no)