Unsplash
På helsenorge.no kan du sjå oversikt over alle fastlegar i Bjørnafjorden kommune, og bytte fastlege. Her kan du òg sjå kor mange pasientar kvar enkelt lege har, om dei har ledig kapasitet og om dei eventuelt har mange på venteliste.
Du kan bytte fastlege maksimalt to gonger i året.
Bjørnafjorden-modellen si forteneste
– No har vi faktisk betre kapasitet på fastlegar i Bjørnafjorden enn nokon gong. Det er fleire ledige plassar enn det er personar som står på venteliste. Det betyr at alle bjørnafjordingar som ønskjer det, kan ha ein fastlege i kommunen. I tillegg er det enklare å bytte fastlege ved behov. Det er svært gledeleg, og noko kommunen har jobba hardt for å få til. Det er ingen tvil om at Bjørnafjorden-modellen er hovudårsaka til at vi har lukkast med rekrutteringa av nye fastlegar til kommunen, seier einingsleiar for legevakt og legetenester, Beate Moberg.
Erfarne fastlegar med god plass til nye pasientar
Flåten legesenter på Amfi Os har nettopp utvida frå fire til seks fastlegar. Dei to nye legane, Synnøve Tvedt Skarstein og Haakon Sortland Myran, starta begge opp med tomme lister og har til saman plass til nærmare 1400 pasientar.
Sjølv om dei er nye på Flåten legesenter, er både Skarstein og Myran erfarne legar med lang fartstid som høvesvis sjukeheimsoverlege på Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter, og frå ortopedisk avdeling på Haraldsplass.
Moberg legesenter blei tidlegare drive av kommunen, men er no er eit reint næringsdrivande legekontor. Dermed har fleire av dei fire fastlegane ved Moberg legesenter fått plass til nye pasientar på listene sine.
Det er òg ledig kapasitet hos fleire av legane ved Os allmennpraksis, og ved Eikelandsosen legekontor.
Bytt fastlege
Nyoppretta Osøyro legesenter overtok fastlegeheimlane og pasientane frå Sjøkanten legesenter tidlegare i år. Sidan legekontoret er drive av Bjørnafjorden kommune, har dei fire nytilsette fastlegane ei rekke kommunale oppgåver.
I ein overgangsperiode vil dei prioritere eksisterande pasientar som følgte med heimlane frå Sjøkanten legesenter. Dei tar derfor førebels ikkje inn nye pasientar.