Bjørnafjordenmodellen - fint å vere fastlege

Folk treng fastlegen.
Fastlegen treng tryggheit og gode arbeidsvilkår for å kunne gjere jobben sin.

Derfor har Bjørnafjorden kommune laga ei ordning som sikrar at du som etablerer deg som fastlege i kommunen vår kan konsentrere deg om pasientane dine og å utvikle deg som lege.

Dette er Bjørnafjordenmodellen for fastlegar:

Sjå også:

- Det ekstra basistilskotet frå kommunen gjer det mogleg å ha færre pasientar på lista, og å følgje opp pasientane på ein ordentleg måte, utan at det går utover økonomien ved legekontoret, seier Anette Hetlevik (31) ved Os Allmennpraksis. 
Les heile intervjuet her

- Fordelane og tryggleiken ein får ved å etablere seg som fastlege i Bjørnafjorden var heilt avgjerande for at eg satsar på eigen praksis, seier fersk fastlege ved Os Allmennpraksis, Kristine Parelius Folkvord (30).
​​​​​Les heile intervjuet her

  • Ekstra kommunalt basistilskot 
    Kommunen betaler ekstra basistilskot kr 325,- per pasient (opp til 1000 pasientar), som kjem i tillegg til det statlege basistilskotet på kr 675,- 
  • Moglegheit for reduserte pasientlister
    800-900 pasientar, om du ønskjer det.
  • Gjenkjøpsgaranti av fastlegeheimel
    Om du vil avvikle i løpet av dei tre første åra, kjøper kommunen tilbake heimelen. 
  • Dekking av praksisutgifter ved behov for vikar
  • Oppstartsgaranti for null-heimlar
    Kommunen dekker basistilskot opp til 600 pasientar i inntil 12 månader + gjenkjøp av utstyr (inkludert fellesutstyr) ved kontoret dersom du avviklar i løpet av dei tre første åra.
  • 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for barn under 12 år 
    i inntil 10 dagar per år. For ALIS-legar også ved eigen sjukdom.
  • Fastlønn for legevakt

Gode vilkår for ALIS/LIS1

  • Rettleiing og individuell utdanningsplan tilsvarande krava i spesialistforskrifta.
  • ALIS-ordninga dekker praksiskompensasjon ved fråvær frå fastlegepraksis i samband med læringsaktivitetar og rettleiing, inkludert førebuing
  • 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for deg/barn under 12 år i inntil 10 dagar per år (fram til sjukeavbrotsforsikring gjeld).
  • Kommunen dekker utgiftene til læringsaktivitetar som ikkje blir dekte av Legeforeningen.
  • Eigen kommunal ALIS-/LIS1-koordinator.

Vi vil utvikle framtidas legetenester saman med deg.