Med skilt som bevis. Frå v. Knut Olav Nestås og Espen Aarnes frå Trygg Trafikk, kommunalsjef oppvekst Line Rye, styrar Liv Wallem Fosse i Lysekloster barnehage, styrar Mariann Gjerdevik i Trollskogen barnehage, kommunen sin koordinator for Trafikksikker kommune Elisabeth Strøm-Olsen, kommunedirektør Arild McClellan Steine, rektor ved Os barneskule Laila Aarbakke, kommunalsjef helse Monica Totland Melvold, Kjell Sandal frå Trygg Trafikk og kommunalsjef samfunnsutvikling Eystein Venneslan var alle nøgde med regodkjenninga, men aller mest med at evalueringa viser at trafikksikringstiltaka som er gjennomført faktisk fungerer, sjølv om veldig mykje enno kan bli betre.
Mari Lyssand
Kva er Trafikksikker kommune?
Trafikksikker kommune er ei godkjenningsordning utarbeidd av Trygg Trafikk saman med fylkeskommunane. Så langt har 21 kommunar i Vestland fått godkjenning, fordelt på alle regionar i fylket. Representantar for skule, barnehage, vernetenesta, tillitsvalde, Samferdsel og Oppvekst, kommuneoverlegen og tre kommunalsjefar møtte denne veka tre mann frå Trygg Trafikk for å gå gjennom kriteria for regodkjenning som Trafikksikker kommune. Bjørnafjorden bestod med glans.
- Godkjenninga som trafikksikker kommune er ikkje er ein endeleg gullmedalje, men eit prov på at kommunen jobbar målretta og systematisk med trafikksikring, sa regionleiar i Trygg Trafikk Knut Olav Nestås ved opninga av regodkjenningsmøtet.
Konkrete tiltak
Espen Aarnes frå Trygg Trafikk peika på at evalueringane som er påkravd for å bli godkjent som Trafikksikker kommune er nyttige, ikkje minst fordi ein møtest på tvers av sektorar og diskuterer krav til trafikktryggleik, og blir einige om konkrete tiltak. I gjenomgangen av godkjenningskriteria Bjørnafjorden har levert på var Aarnes blant anna innom hjartesonar rundt skulane, haldningsskapande arbeid som valfag trafikalt grunnkurs i 10. klasse, "gladkontrollar", som er årlege samarbeidsprosjekt mellom kommunen, Trygg Trafikk og politiet. Han viste òg til tala frå ei stor spørjeundersøking blant tilsette, som viser at alt frå skular til heimetenesta har trafikksikring meir i fokus enn før.
Trygg Trafikk spanderte kake for å feire at Bjørnafjorden har fått forlenga Trafikksikker kommune-godkjenninga for perioden 2026-2028.Innbyggarane er òg ein viktig medspelar, og Samferdsel har stor nytte av forslaga til trafikksikringstiltak, som bjørnafjordingane sender inn via dette digitale skjemaet.
Fleire hjartesoner undervegs
Fleire skular jobbar med å få på plass hjartesone.
- Utfordringa er at nokre skular ligg vanskeleg til nær trafikkert veg. Vi må gjere det beste ut av det, men det er heftig trafikk forbi fleire av skulane våre, sa Elisabeth Strøm-Olsen frå Samferdsel.
Ein av rektorane som ser akkurat det kvar dag dagleg, er Laila Aarbakke ved Os barneskule. Ho er ute i refleksvest og tar imot elevane sine kvar morgon, og spelte inn ønske om betre kommunikasjon på tvers av sektorane i kommunen. Det ville for eksempel vere nyttig med beskjed til rektor før det skal byggast nytt i nabolaget til skulen, så kan skulen avtale med utbyggar at det ikkje kjem masse lastebilar akkurat når førsteklassingane kjem til skulen om morgonen. Kommunalsjef samsfunnsutvikling Eystein Venneslan plukka opp tråden, og meinte at når byggeprosjekt nær skular og barnehagar får godkjenning, kan det for eksempel leggast inn eit krav om at utbyggar skal varsle skular og barnehagar to veker før oppstart, og avtale tiltak som gjer skulevegen tryggare.
Samferdsel og Oppvekst har elles fått tilskot til å merke opp sykkelløyper på skulane. Alle barneskulane får tilbod om sykkelløype der elevane kan trene sykkelferdigheiter, og dermed bli tryggare når dei skal ut i trafikken.
Trygg trafikk heile døgeret
Eit av spørsmåla i godkjenninga er korleis kommunen jobbar for å påverke lag og organisasjonar til å jobbe med trafikksikring. Dette er eit kriterium fordi kommunen kan nå veldig mange gjennom informasjon til for eksempel idrettslaga. Kommunalsjef oppvekst Line Rye peika på at dette er eit bra tema å ta med i arbeidet med kommunen sin frivilligstrategi.
Skryt til Trollskogen sin trafikksikringsplakat

Det er aldri for tidleg å innarbeide gode vanar. Styrar Mariann Gjerdevik fortalde korleis Trollskogen barnehage driv trafikksikringsarbeid til kvardags og i årlege trafikkveker. Barnehagen har fått støtte frå fylket til å kjøpe inn pedagogisk materiell, og har fått laga si eiga trafikksjekkliste. - Den er vi stolte av. Plakaten heng ute og synleg for alle, her skal det ikkje vere tvil om kva som gjeld.
Espen Aarnes frå Trygg Trafikk likte særs godt plakaten til Trollskogen. - Det er viktig at de har tatt med punktet om sikring av barn i bil. Ei undersøking i fjor viste at 19% av alle barn som var sikra, var sikra feil.
Rygg inn!
I Lysekloster barnehage snakkar dei òg jamleg om trafikksikring både med barna, føresette og tilsette. Styrar Liv Wallem Fosse og hennar tilsette har merka ein markert trafikkauke ved barnehagen etter at den nye Drangsvegen opna. Ho har engasjert FAU for å sjå på trafikksikringstiltak. Elles får foreldra jamleg påminningar om å slå av motoren, og å rygge inn på parkeringa når dei skal levere eller hente i barnehagen.
Oppfordringa om å rygge inn på parkeringsplassar gjeld både ved barnehagar, skular, butikkar og overalt elles. Før møtet hadde ordførar Terje Søviknes og Trygg Trafikk eit aldri så lite parkeringsstunt framfor Rådhuset, for å minne bilistane på at ryggar du inn, reduserer du risikoen for uhell og skade når du skal ut igjen. Enkelt, men effektivt. Denne føremiddagen viste seg at dei aller fleste hadde rygga inn. Takken var ein gul lapp på frontruta med ei helsing frå Trafikksikker kommune.

Før møtet blei runda av, gratulerte Knut Olav Nestås Bjørnafjorden med tre nye år som Trafikksikker kommune, og overrekte skilta som viser at Bjørnafjorden kommune tar trafikksikringsarbeid på alvor.
-
Kriterium for Trafikksikker kommune
- Kommunen har forankra ansvaret for trafikksikkerheitsarbeidet hos ordføraren og kommunedirektøren. Den enkelte etatsleiaren kan ha delansvar.
- Kommunen har eit utval som har ansvar for trafikksikkerheit (i Bjørnafjorden kommune er dette plan-, bygg- og miljøutvalet)
- Kommunen har innarbeidd trafikksikkerheit i HMS-/interkontrollsystemet sitt. Det inneheld reglar for reiser og transport i regi av kommunen og reglar ved kjøp av transporttenester.
- Trafikksikkerheit er eit årleg tema i arbeidsmiljøutvalet (AMU) til kommunen.
- Kommunen har oppdatert oversikt over trafikkulukker og trafikkuhell (materiellskadar) i kommunen.
- Trafikksikkerheit er ein del av folkehelsearbeidet til kommunen.
- Kommunen har ein trafikksikringsplan. Planen har rullerings- og rapporteringsrutinar. Inkludert i planen er både trafikantretta og fysiske tiltak.
- Kommunen har eit godt system for å behandle søknader om skyss på grunn av særleg farleg skuleveg.
- Kommunen har oppfylt kriteria for den enkelte sektoren.
Bjørnafjorden kommune har oppfylt alle kriteria over.
I tillegg har alle desse sektorane/avdelingane lagt fram og fått godkjent dokumentasjon på sitt trafikksikringsarbeid:
- Barnehagane
- Skulane
- Samferdsel og VA
- Planavdelinga
- Kulturavdelinga
- Kommunelegen
- Helsestasjonane