Sist veke dekorerte ein gjeng med sjetteklassingar asfalten rundt skulen. Onsdag feira dei saman med ordførar og rektor at hjartesona er opna. Droppsone-skiltet viser kvar føresette skal sette av elevar som blir køyrt til skulen. (Bak: ordførar Terje. I midten frå v.: Emilie, Annabelle, Mathilde, Lilli, Olivia, rektor Ann-Irene, Matilde. Framme frå v: Hedda og Ella.)Kva er ei hjartesone?
Hjartesone rundt skulen gjer det sikrare og trivelegere for elevane å gå eller sykle til skulen. Dei siste ti åra er det oppretta hjartesonar rundt mange hundre skular i heile landet.
Kvar skule har sine eigne utfordringar med trafikkbiletet rundt skulen. Hjartesona må tilpassast det lokale trafikkmiljøet, og er ein prosess som består av små og store tiltak. Eit viktig tiltak kan vere å etablere faste stoppestader - droppsonar - utanfor hjartesona for å sette av dei elevane som blir køyrt til skulen.
På Trygg Trafikk sine sider kan du lese meir om hjartesone.
- Vi kan begynne med oss sjølve
Mathilde, Lucia, Seline og Sølve frå elevrådet heldt tale, klipte den grøne snora og erklærte hjartesona for opna.
Nore Neset barneskule
Som del av arbeidet med hjartesone er det merka og skilta rundt skulen, elevane har drive trafikkteljing og kampanjar, informasjonsarbeid og annan haldningsskapande aktivitet. Elevrådet har vore engasjert heile vegen, og representantane Mathilde, Lucia, Seline og Sølve heldt tale på opninga.
Dei sa mellom anna at med hjartesona er det lettare for elevane å gå eller sykle til skulen. Dei dyktige talarane understreka at hjartesona bidrar til trygg skuleveg. Å gå til til skulen er positivt både for det sosiale og for læring. Det er bra å starta dagen med frisk luft, slo dei fast.
Elevane sitt arbeid med å skape gode haldningar held fram.
- Vi kan ikkje forandre alle rundt oss, men vi kan begynne med oss sjølve, sa elevrådsrepresentatane, før dei klipte den grøne snora og erklærte hjartesona for opna.
Både store og små på Nore Neset barneskule viser godt i nye hjartesonevestar.
Åslaug Bergsvåg / FAU
I hjartesona skal det vere triveleg for alle. Sist veke var ei gruppe sjetteklassingar i sving med å pynte opp fargerike illustrasjonar.
- De har lov å gi beskjed til dei vaksne
Ordførar Terje Søviknes gratulerte elevane, skulen og FAU med hjartesona. Han oppfordra elevane til å bruke refleks og vere synlege, og minna om at elevane eig hjartesona si, og at dei har lov å seie frå viss dei vaksne ikkje følgjer skilt og hjartesone-reglar.
- Sei til foreldre og besteforeldre og andre vaksne at “no gjer de ikkje sånn som vi har bestemt at vi skal gjere i vår hjartesone”, sa ordføraren.
FAU tenker alltid trafikktryggleik
- FAU (Foreldra sitt arbeidsutval) ved Nore Neset barneskule har jobba målretta med trafikksikring i mange år, seier Åslaug Bergsvåg. Ho er leiar av trafikkgruppa i FAU, og har erfaring frå Hjartesone-prosjekt frå Trygg Trafikk.
FAU har laga ein video som illustrerer utfordringane med biltrafikk rundt skulen.
Haldningsskapande arbeid er ikkje gjort ein gong for alle. FAU ved Nore Neset barneskule driv "aksjon aktiv skuleveg", blant anna med ein konkurranse kvar vår der klassane får poeng etter kor mange som går, syklar eller tar buss til skulen. Det går ut informasjonsskriv til føresette, og dei tre beste klassane vinn ein pengepremie som dei kan bruke til ein felles, kjekk aktivitet.
Har flytta skulestart eit kvarter
Frå v. Elisabeth Strøm-Olsen, koordinator frå Samferdsel, Åslaug Bergsvåg, leiar i trafikkgruppa i FAU og rektor Ann-Irene Brunvoll framhevar godt samarbeid og elevane sin innsats. Knut Vidar Garlid frå Oppvekst har òg vore med i koordineringa.Rektor ved Nore Neset barneskule, Ann-Irene Brunvoll, fortel at eit effektivt grep for å betre trafikktryggleiken rundt skulen, har vore å utsette skulestart eit kvarter, til klokka 8.45.
- Før passerte 250 bilar skulen i løpet av femten minutt rundt skulestart. No er vi nede i 80, seier Brunvoll.
Kvar morgon er dessutan tilsette ved skulen ute og passar på rundt skulestart. Dei synest det er veldig bra å sjå kor flinke elevane er til å gå av sykkelen ved fotgjengarfeltet og sjå seg for før dei kryssar.
Brunvoll og Bergsvåg understrekar at verken skulen eller FAU kunne gjennomført hjartesone-prosjektet aleine.
- Hjartesona er eit resultat av godt samarbeid mellom skuleleiinga, FAU, og einingane for Oppvekst og Samferdsel i kommunen. Men det aller viktigaste er engasjementet til elevane. Dei må eige hjartesona si, seier Bergsvåg.
Alle skular og barnehagar skal få hjartesone
I Trafikksikringsplanen 2022-26, vedtatt i kommunestyret i mai 2022, står det at det skal innførast hjartesone rundt alle skulane i Bjørnafjorden. Nore Neset barneskule har vore pilotskule, snart følger fleire etter.
Frå trafikksikringsplanen - utfordringar og tiltak
Utfordringar:
- Svært mange elevar vert køyrd til skulen. Trafikkmengda rundt skuleområda ved skulestart- og slutt er ofte høg og skapar uoversiktlege situasjonar. Mange skular melder frå om dette.
- Små barn har ikkje dei same føresetnadene for å lære sikker ferdsel i trafikken som større barn og vaksne.
- 50% av fotgjengarulykkene i Bjørnafjorden i analyseperioda har skjedd på kommunal veg.
- Ulykker med gåande involvert har skjedd ved kryssing av veg
Tiltak:
Alle kommunale skular og barnehagar i Bjørnafjorden skal ha innført hjartesone i tilknyting til sin skule, tilpassa den enkelte skule/barnehage sitt behov for:
- Fysiske tiltak, skilting, merking osv. og/eller
- haldningsskapande, informasjon og samarbeid skule/heim/elevar
Dei private skulane og barnehagane skal inviterast inn i arbeidet med innføring av hjartesoner
- I planar må det sytast for at tryggleik for mjuke trafikantar går framfor framkomelegheit for biltrafikken.
Åslaug Bergsvåg / FAU
Du kan bidra til ei trygg hjartesone
Er du fotgjengar, syklist eller bilist rundt Nore Neset barneskule? Då kan det godt hende at du får stukke til deg eit lite kort med takk for at du parkerer eller brukar droppsona riktig, eller at du går eller rullar.