Kokevarsel for Os sentrum og nærområda rundt

Grunna mistanke om forureining etter rutineprøvar i Os sentrum, anbefaler vi at alt vatn til drikke, matlaging og tannpuss kokast før bruk. Vi beklagar ulempene dette fører med seg. 

Alle i det avmerka området blir anbefalt å koke vatnet til det kjem ny informasjon.

Reknar med å få svar på måndag 

Svar på godkjente prøver kan ikkje forventast før måndag. 

Set ut vassvogner

Driftsavdelinga i Bjørnafjorden kommune set ut vassvogner ved Solstrand og i Os sentrum, framfor Rådhuset.

Dei som er berørt, har fått sms-varsel. Bur du innanfor området som er markert på kartet, men har ikkje fått sms? 
Les meir her om telefonvarsling frå kommunen, og korleis du registrerer eller oppdaterer kontaktinformasjonen din.