Telefonvarsling for veg, vatn og avløp

Vi i Bjørnafjorden kommune sender melding via telefon eller SMS ved stenging av kommunale vegar, planlagt vedlikehald av leidingsnettet, uventa stans av vatn eller når vi tilrår koking av drikkevatnet. Det kan òg vere aktuelt å nytte varslingssystemet i andre situasjonar kor vi vil nå innbyggjarane med viktig informasjon.

Korleis fungerer varslinga? 

Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei som berre er registrerte med fasttelefon.

I samband med stenging av vatn, lekkasjar, driftsbrot eller liknande, vil meldinga handle om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det aktuelle området.

Korleis finn kommunen ditt telefonnummer?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling, er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørane og informasjon frå GAB-registeret (Grunneigedom-, adresse- og bygnings-registeret). Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottar dermed heller ikkje varsel.

Har du ikkje fått varsel?

Sjekk om du er registrert med rett telefonnummer. Du kan òg registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du til dømes ønskjer å få varsel ved hendingar som gjeld fritidseigedom, hybel eller liknande.

  • Er telefonen din registrert på arbeidsgivar?

Dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv leggje telefonnummeret til på den folkeregistrerte adressa di for å få varsling om hendingar på heimeadressa.

  • Har du hemmeleg telefonnummer?

Varslingssystemet fangar ikkje automatisk opp personar med hemmeleg nummer. Dersom du har hemmeleg nummer og ønskjer varsling, kan du registrere det i databasen. Nummeret ditt vil ikkje vere synleg for andre.

Registrer og endre kontaktinformasjon her

Blir bedrifter og institusjonar varsla?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling inneheld òg adresse og telefonnummer til bedrifter, verksemder og institusjonar. For å sikre at meldinga når rett person, tilrår vi bedrifter å leggje til telefonnummer og kontaktpersonar i databasen.

Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekopling er difor lite eigna som kontaktnummer for næringsverksemd. Dersom di verksemd er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å sikre at de mottar eventuell varsling.

Varslingssystemet gjev tryggleik for di verksemd eller institusjon - dersom vi kan nå dykk raskt og effektivt.

Vi ber difor om at rett kontaktperson og telefonnummer blir registrert her

Kontaktinformasjon

Har du problem med registrering eller spørsmål om varslingssystemet? 
Ring oss på telefon 56 57 53 30, måndag-fredag klokka 8-15.

I krisesituasjonar utanom arbeidstid, ring teknisk vakt på telefon 982 34 440.