Bli med på vandring langs Osbanen

Søndag 1. september, på dagen 89 år sidan Osbanen køyrde sin aller siste tur, blir det historisk vandring langs “linjo” frå Stend til Os stasjon. Vi går til saman om lag 8 kilometer i roleg tempo, med pausar og informasjon ved stasjonar og haldeplassar. Resten av strekket blir det busstransport. Turen er gratis og open for alle. Meld deg på i dag! 

Toget i svingen på Hetleflåten på Osbanen sin aller siste tur 1. september 1935. Enoch Djupdræt / Bjørnafjorden kommune


Tema for Kulturminnedagane 2024 er «Spor, nettverk og forbindelsar». Her hos oss handlar det om Osbanen, det vesle toget som rulla sakte, men jamt og trutt mellom Nesttun og Os frå 1894 til 1935. Mange gode krefter har slått seg saman, og inviterer til fleire foredrag Osbanen og vandring langs Osbanetraseen. 

Delar av traseen køyrer vi buss, derfor må vi vite på førehand kor mange som blir med. Påmeldingsskjema finn du nedst i artikkelen.

Torsdag 29. august kl. 19 foredrag i Bjørnafjorden bibliotek

«Osbanen – lilleputtbanen som frakta over 4 millionar passasjerar»
Foredrag ved Per Ivar Tautra. Han kan alt som er å kunne om Osbanen si historie, og skreiv bok om banen alt i 1996. Gratis og ope for alle. 

Søndag 1. september: vandring langs linjo, foredrag, veteranbuss- og bil og modelltog, avduking av blåskilt

Søndag 1. september er Osbanen sin dag! Du kan bli med på alt som skjer, eller velje deg ein eller fleire postar frå programmet. Alt er gratis, og berre vandringa krev påmelding.  

Program 

Frå klokka 10 er det open dag på Stend stasjon.

Kl. 10.30 går det buss frå Os stasjon til Stend stasjon. Transporten er gratis, men du må melde deg på (skjema nedst i artikkelen). 

Kl. 11.15 på Stend stasjon «Kor på linjen» framfører Frieri på Osbanen

Kl. 11.30 Avmarsj frå Stend stasjon

Vandring langs Osbanetraseen frå Stend til Kaland saman med Erlend Garåsen, som driv prosjektet «Skinnelangs». Garåsen er ein ekte jernbaneentusiast, og har gått turvegar og stiar langs alle jernabanestrekningar i Noreg som har eller har hatt persontransport. Knallgøy og imponerande prosjekt! 

Vi går frå Stend til Kaland, for dei som kjenner at det blir litt langt, går det an å hoppe på bussen ved Hamre. Alle deltakarar tar buss frå Kaland til Bergstø og går til Hetleflåttre. Derfrå bussar vi tilbake til Os stasjon. I Vognhallen kan du nyte resten av den medbrakte matpakken din under tak, og få deg ein kopp kaffi før neste del av programmet. 

Kl. 16.30 Varaordførar Marie Bruarøy avdukar nytt kulturminneskilt, eit “blåskilt”, på Os stasjon.

Kl. 16.45 i Vognhallen: «Turveier på nedlagte spor i vest». Foredrag ved Erlend Garåsen.  

Kl. 17.30 Køyring av modelltog med damplokomotiv i Vognhallen. Har du barn eller barnebarn i rett alder? Ta dei med! 

Det blir utstilling av veterankøyretøy på stasjonsområdet på Os, og fotoutstilling og film om Osbanen i Vognhallen.
 

Torsdag 5. september kl. 19 foredrag og utstilling i Fana kulturhus

«Osbanen – lilleputtbanen som frakta over 4 millionar passasjerar»
Foredrag ved Per Ivar Tautra i Småsalen i Fana kulturhus. Fotoutstilling i foajeen.  

Velkommen! 

Helsing arrangementsgruppa for Kulturminnedagane: 
Fortidsminneforeininga - Bjørnafjorden lokallag, Os sogelag, Osbanens venner, Os kulturutvikling, Venneforeningen for gamle Osbanen, Bjørnafjorden kommune og Bergen kommune
Takk til Sparebanken Vest for støtta til Kulturminnedagane 
 


 

Os stasjon i 1934, med Vognhallen full av vogner. Atelier KK


 

Os stasjon i 1935, siste driftsår for Osbanen. Martin Kuven