Sjå foto frå Osbanen si historie

Frå første anleggsdag på Nesttun-Osbanen i 1891 til alle siste tur i 1935 blei anleggsarbeid, lokomotiv, stasjonsbygg, besetningar og passasjerar grundig foreviga. Blinkskot frå Osbanen si historie kan du sjå når du vil i Bjørnafjorden kommune sitt lokalhistoriske arkiv. 

Jubileumspynta lokomotiv på Os stasjon, 1. juli 1919, på dagen 25 år etter at Osbanen opna. Bygninga i bakgrunnen er Osbanen sin funksjonærbustad, tidlegare Osørens Hotel. Bak til høgre kan svingskiva på stasjonen skimtast. F.v. lokomotivførar Petter M. Pedersen, smed Martin Lægreid, vognvisitør Peder Songstad og verkstadformann Jakob Helgesen. Borna er ukjende.

I samlinga finst blant anna fotografi av rallarane som bygde banen, rekruttar på Ulven stasjon, yrande liv på stasjonane på 1930-talet, skinner lagt i krappe svingar for å spare pengar på å unngå tunnelar, og av lokomotiva i ymse stand. 

Gå til lokalhistorisk arkiv, og søk på «Nesttun-Osbanen» eller eit stadnamn langs linja. For å sjå biletet i fullt format, høgreklikk på biletet og vel «Åpne bildet i ny fane» eller «Lagre bilde som».

Vil du sjå eit utval av bileta i stort format, kan du ta turen innom Vognhallen på Osøyro. 

 

Osbanelinja under arbeid. Anleggsarbeidarar ved lokomotivet «Rotten» vinteren 1894. (Foto N.N. Sontum / Lokalhistorisk arkiv)Nesttun stasjon. Vossatoget til høgre, og det vesle Os-toget til venstre. Fordi det var 40 cm skilnad i sporvidde på Osbanen og Vossabanen, måtte passasjerar og gods frå Os byte tog på Nesttun for å kome til byn. (Foto frå Lokalhistorisk arkiv)

 

Tema for Kulturminnedagane 2024 er «Spor, nettverk og forbindelsar». I heile Europa er komitear, kommunar og entusiastar i gang med å planlegge 70 000 arrangement med mange slags innfallsvinklar til temaet. I Bjørnafjorden skal det dreie seg om Osbanen sin historie.

Kulturminnedagane går av stabelen i veka 31. august – 9. september. Osbanens venner, Fortidsminneforeningen og Os Kulturutvikling samarbeider med kultureininga i Bjørnafjorden kommune og Fana og Ytrebygda kulturkontor om å få ting til å skje både ved stasjonane og langs «linjo».