Innleiarar på seminar om Kunst i offentleg rom 19. september

Les meir om dei som skal ha innlegg på seminaret.

Randi Nygård

Biletkunstnar, busett i Oslo
Nygård jobbar ofte med kunstprosjekt der relasjonar eller møte mellom ulike nivå, fag, idear, perspektiv og/eller vesen er sentrale. Det kan vere i kollasjar av tidsskrift, installasjonar av lagvise speglar inne og ute, miniskogar med bronseskulpturar, eller i prosjekt av meir poetisk-teoretisk art, som den tverrfaglege antologien basert på Havressurslova: “Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet”, som ho redigerte i lag med K. Tampere i 2018. 

Gry Buer

Rektor ved Solund kulturskule i Solund kommune 
Ressurs for kunst og kultur  i eit øysamfunn.  I august 2025 opnar ny skule  på Hardbakka, kommunesenteret, med skule- og folkebibliotek, og med kuntnarleg utsmykking. Buer er også initiativtakar til Lysfestivalen  i kommunen i mange år : Alt lyd på Solund 

Arne Mæland 

Skulptør og målar, busett Os
Mæland har hatt mange oppdrag for offentlege og private institusjonar som kyrkjer og sjukehus, og for private selskap. Arne Mæland uttrykker seg både naturalistisk og abstrakt, med hovudvekt  på arbeid i bronse og marmor. Han har hatt flere oppdrag i Noreg og i utlandet. Han arbeider i Os og i Carrara i Italia. Arne Mæland er grunnleggaren av det internasjonale skulptursymposiet i Os. 
arne-art.no 
Os Internasjonale Skulptursymposium 

Astrid Drageset 

Biletkunstnar, bur og  arbeider i Os
Drageset er ein biletkunstnar som uttrykker seg gjennom abstrakt måleri, og som har vore yrkesaktiv i mange år i kommunen vår. Nokre kjenner bileta hennar frå separatutstilling i Oseana i 2019, andre frå utsmykkingar ved Gullfaks. Drageset er innkjøpt blant anna av Namsos, Bergen og Os kommune.  Drageset jobbar i nyetablert atelier på Osøyro.  

Astrid Drageset - Home 

Petra Rahm og Daniela Ramos Arias  

Rahm og Arias er begge biletkunstarar og kuratorer ved Hordaland kunstsenter HKS  
Dei står bak “Kjære nabo!”, ein serie kunstprosjekt i regi av HKS, og eit fagprogram om kunst og lokalsamfunn. Programmet og prosjekta blir utvikla som en del av kunstsenteret sitt arbeid med kunst og offentleg rom, og rettar seg spesielt mot nabolaget Nordnes i Bergen. 
Petra Rahm – Bergen Ateliergruppe 
Daniela Ramos Arias — Norsk Kuratorforening 

Espen Johansen 

Kunsthistorikar, kurator og skribent basert i Tromsø og Bergen 
Johansen tar for tida ein doktorgrad som kurator ved UiT/KMD, med kunst i offentleg rom i fokus. Han har vært kunstkonsulent/kurator for fleire prosjekt i Bergen: Midtun skole, Bergen inkluderingssenter og Bergen tinghus. Interessa hans spring ut frå undersøkingar av kunsten sitt potensial som eit alternativt kommunikasjonsmiddel i vårt medialiserte samfunn, med særlig fokus på kunst i det offentlige rom og maktstrukturene i det offentlige rom; hvem får komme til orde og hvordan? 

Espen Johansen — Norsk Kuratorforening