Baby med bruksanvisning

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune Å bli foreldre er intense greier - og i tillegg er jo nyfødde babyar skrekkeleg vanskelege å forstå seg på.
Eller - er dei no eigentleg det?

Babyen ligg på stellebordet, uroleg, pusten går fort og den tynne huda på brystet begynner å bli raudflamma. Kva skjer? 

- Barnet gir uttrykk for at det ikkje føler seg trygg eller komfortabel i situasjonen. Det nyfødde barnet fortel oss noko.
Korleis svarer vi? Instinktivt ville mor eller far gjerne lagt ei trygg hand på brystet til den vesle, snakka mildt og roleg. Vi som observerer rosar og bekreftar mor eller far. Vi gjer dei merksame på at det verkar - at dei gir barnet sitt det det treng, seier Unni Tranaas Vannebo, studieleiar i Seksjon for sped- og småbarn ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse Øst og Sør (R-BUP). 

Rettleie og styrke foreldra

- Ein annan gong vender kanskje barnet blikket vekk frå mor eller far etter ei stund med kontakt. Då kan vi forklare at den vesle treng ei lita pause for å fordøye alle inntrykka, han meiner ikkje å avvise nokon, seier Tranaas Vannebo.
Ho underviser i Newborn Behavior Observation (NBO), ein metode som skal gjere tilsette på helsestasjonen og jordmortenesta endå betre i stand til å rettleie og styrke nye foreldre i deira rolle. Sist veke var tilsette på helsestasjon for barn, jordmortenesta og barneverntenesta i Bjørnafjorden kommune samla til éi av ei rekkje fagsamlingar, som til slutt skal leie til sertifisering i NBO-metoden.

 

Dyktige damer med øvingsdokker (og nokre alvorlege menn der bak) som tar sertifisering i NBO-metoden: Første rekke frå venstre: Mariann Kvittingen (jordmor), Emma Marita Heggli (helsesjukepleiar), Lena Hæve Holmefjord (helsesjukepleiar), Gro Brudvik (helsesjukepleiar), Målfrid Gunvordal (helsesjukepleiar), Gry Albriktsen (jordmor), Anja Strønen Lien (familierettleiar) Andre rekke frå venstre: Malin Handeland Fossli (helsesjukepleiar), Torild Eide (helsesjukepleiar), Janne Skromme (jordmor), Nadia Smedsvik (helsesjukepleiar), Silje Fjeldsbø (helsesjukepleiar), Randi Haugse Rød (helsesjukepleiar), Synnøve Merete Torgrimsen (helsesjukepleiar frå Askøy kommune), Astrid Gaupholm (helsesjukepleiar og avdelingsleiar) Ståande på høgre side er kurshaldarane Unni Tranaas Vannebo og Norma Vågstøl Ragnhild Stende Bjaadal

 

Tru på seg sjølv som foreldre

- Det nyfødde barnet gir oss mange signal om korleis det har det og kva det treng akkurat no. Men det kan vere vanskeleg og forvirrande å vite kva ein skal sjå etter og korleis ein skal tolke signala. Mange foreldre kjenner seg hjelpelause og mister trua på seg sjølve. Då er det avgjerande at vi som jobbar med barn og foreldre kan bruke erfaringa og kunnskapen vår på ein god måte til å rettleie, bekrefte og støtte foreldra når dei skal bli kjende med barnet sitt.
- NBO-metoden er eit verktøy som hjelper oss å systematisere og strukturere dette arbeidet, seier Astrid Helene Gaupholm, avdelingsleiar for helsestasjon for barn i Bjørnafjorden kommune og initiativtakar til den pågåande NBO-sertifiseringa av tilsette som jobbar med dei aller minste i kommunen vår.

Støtte, ikkje kritisere

- Når mor eller far blir sensitive for akkurat sitt barn sine signal, opnar det for ein sterk, trygg og god relasjon. Det å føle at ein forstår barnet sitt og har trua på seg sjølv som mor eller far, har alt å seie. NBO-metoden gjer oss som fagpersonar merksame på kor uendeleg meir effektivt det er å støtte og bekrefte foreldra, framfor å kritisere og vifte med peikefingeren, seier Gaupholm.

Her kan du lese meir om NBO-metoden