Eigenberedskapsveka 2024: Psykisk helse i kriser
«Vi blir alle påverka av kriser,» seier kommuneoverlege Klaus Melf. Det er normalt å bli uroleg og bekymra, sova dårleg eller få negative tankar eller andre sterke kjensler ved kriser og situasjonar som er prega av uvisse.
Kommuneoverlege Klaus Melf gir deg gode råd om psykisk helse i kriser. Du finn fleire eigenberedskapsråd i brosjyren som kjem i postkassa til alle husstandar i landet denne veka.
EMBV
Kommuneoverlegen understrekar at nokon blir meir påverka enn andre. Han oppfordrar deg til å søka hjelp viss du har store bekymringar. Fleire frivillige organisasjonar har ulike tilbod. Du kan òg ringja hjelpetelefonen (Mental Helse) på 116 123.
Her er nokre råd frå sikkerhverdag.no, som kan vera nyttige både for å handtera eigne kjensler, og for å kunna støtta andre gjennom ei krise.
- Bruk tida på det du kan gjera noko med.
- Sysselset deg gjerne med noko konkret som kan hjelpa deg med å fokusera tankane og vera til stades.
- Prøv så langt det går å halda fram med rutinane du er van med, til dømes faste måltid og personleg hygiene.
- Prøv å eta variert og sunn mat.
- Sørg for god væskebalanse. Unngå for høgt koffeininntak og ver forsiktig med alkohol/rusmiddel.
- Ver i fysisk aktivitet. Trening er med på å førebyggja tungsinn og angst, og hjelper deg å fokusera på her og no.
- Gjer det du kan for å førebygga søvnforstyrringar: Stå opp og legg deg til faste tider, unngå å sova på dagtid, oppsøk dagslys, og ikkje ha det for varmt i rommet når du skal sova.
- Oppsøk andre menneske. Ta kontakt med vener, familie og andre dersom det lar seg gjera. Sosial kontakt gir oss anledning til å dela tankane våre og måtane vi handterer ting på.
- Bruk tid på å få humor inn i kvardagen – det reduserer stress og kan vera eit godt hjelpemiddel i krevande situasjonar.
- Ta deg tid til å lytta til bekymringane som barna har. Prøv å gi ærleg, men ikkje skremmande informasjon.
- Forhald deg til den informasjonen som bygger på fakta frå myndigheitene.
- Prøv å tenkja på gode utfall av ei krise – ikkje berre verstefallsscenario.
Video:
Publisert av Ella Marie B. Vangsnes
Sist endra 29.10.2024 08:39