Eigenberedskapsveka: Følg ladevettreglane

Bilde av Espen Storum - Klikk for stort bileteEspen Storum gir deg gode ladevettråd. Ella Marie B. Vangsnes

Har du oversikt over kor mange ting du har heime som må ladast? Har du gode laderutinar? Det er god eigenberedskap å følgja ladevettreglane. Slik kan du hindra at det blir brann, seier leiar for førebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum.

Dei fleste av oss har diverse elektrisk utstyr og "duppedittar" både heime og på jobb, barn har leiker og ungdommen har pc og kanskje el-sparkesykkel. Alt dette har batteri som må ladast. Espen Storum gir deg gode råd om korleis du kan lada på ein trygg måte.

Kvar og når bør eg lada?

Storum fortel at stadig fleire brannar knytt til elektrisk utstyr startar ved lading. Han minner òg om at brannar som oppstår utan tilsyn eller om natta, kan få store konsekvensar. Det er mykje varmeutvikling ved batteribrannar, og dei utviklar seg raskt. Du bør derfor lada i eit rom der det er røykvarslar, slik at du får beskjed med ein gong viss det startar å ryka, ulma eller brenna i batteriet. Og så er det livsviktig at du er til stades i huset når du ladar, og vaken, slik at du kan handtera situasjonen raskt - eller komma deg raskt ut.

Ver nøye med kvar du legg det du skal lada, f.eks. mobiltelefonen. Bruk eit underlag som ikkje lett kan brenna - harde flater som kjøkkenbenk og bord - og rydd unna slikt som lett kan ta fyr, som papir, aviser og serviettar. Det er ikkje lurt å lada i mjuke møblar som seng, lenestol eller sofa, seier Espen Storum og forklarer: Mjuke materialar gjer at det blir mindre lufting både rundt produktet og ladaren, det blir fort veldig varmt, og det kan utløysa brann og giftig røyk. Har du i tillegg sovna, er det sjølvsagt ekstra farleg.

Hugs frie fluktvegar

Er det eit større batteri du skal lada, som for eksempel ein el-sykkel eller el-sparkesykkel, rår Storum deg til å ikkje bruka trappegang eller korridor til dette, sjølv om det kan vera freistande for å sleppa å ta dei med inn i huset eller leilegheita. Trapper, gangar og korridorar må kunna brukast til evakuering for alle som er i huset, dersom det tar til å brenna, understrekar han. Og legg til at du har kort tid til å koma deg ut, for slike brannar kan utvikla seg svært fort.

Korleis bør eg lada?

Espen Storum minner òg om at du helst skal bruka den originale ladaren som følgde med produktet då du kjøpte det, eller ev. ein ladar som er anbefalt av produsenten. Les og følg bruksrettleiinga og sikkerheitsrettleiinga. Kontroller også at batteriet er merka med produsent, typenummer og har eige CE-merke. Då skal det vera trygt å bruka. Avbryt ladinga straks dersom batteriet blir unormalt varmt eller viss det kjem lukter eller lydar.

Dersom ladaren eller batteriet blir unormalt varmt under lading, kan det vera eit teikn på at det er noko feil. Få då forhandlaren til å ta ein sjekk. Det er viktig å passa på at elektriske apparat og batteri ikkje er blitt skada eller utslitne. Då må du reparera eller byta ut.

Og til slutt: Ring brannvesenet på 110 viss det oppstår ein brann!

Ladevettreglane


1. Lad i rom med røykvarslar
2. Lad når du er vaken og til stades
3. Les og følg bruksrettleiinga frå produsenten
4. Bruk helst original ladar
5. Lad på eit underlag som ikkje lett kan brenna
6. Ikkje lad i senga
7. Ikkje lad i korridor eller i trapperom. Dei må kunne brukast som fluktveg ved brann
8. Byt ut skadd utstyr
9. Stopp lading dersom det kjem lydar, lukter eller blir unormalt varmt
10. Ved røyk og flammar, ring brannvesenet på 110

(Ladevettreglane er utarbeidde av DSB, Norsk brannvernforening og forsikringsselskapet If)