Er livet tungt og vanskeleg? Du er ikkje åleine om å ha det slik - og det er god hjelp å få

Rask psykisk helsehjelp er eit kortvarig behandlingstilbod til deg over 18 år med milde til moderate symptom på depresjon, angst, søvnvanskar eller begynnande rusutfordringar.

Tilbodet er basert på behandlingsforma kognitiv åtferdsterapi. 
Kognitiv terapi handlar om innsikt i samanhengen mellom tankar, handlingar og følelsar. Eit viktig mål er å bryte dei sjølvforsterkande onde sirklane som opprettheld psykiske helseproblem. 
Du jobbar med eigne utfordringar undervegs, og får nokre nyttige verktøy til vegen vidare.

Tilbodet passar for deg som:

  • Slit med overdriven grubling og bekymring 
  • Er trist eller nedstemt over lang tid
  • Opplever at angst og indre uro begrenser deg
  • Opplever stress og belastning i kvardagen

Tilbodet er ikkje eigna dersom du:  

  • Har behov for akutt helsehjelp 
  • Står i ei akutt livskrise, eller har behov for langvarig behandling 
  • Mottar anna psykisk helsehjelp  

Ved behov for akutt helsehjelp, ta kontakt med fastlegen din eller legevakta på telefon 116117. 

Kva går tilbodet ut på?

Behandlinga vil skje gjennom kurs, rettleia sjølvhjelp og i nokre tilfelle individuelle samtaler.

Kurs

Kursa vil vere basert på kognitiv åtferdsterapi, og handle om å forstå angst, depresjon, søvnvanskar og andre aktuelle tema.

For meir informasjon om kognitiv åtferdsterapi, sjå Kognitiv terapi | Norsk forening for kognitiv terapi

Kurs våren 2023

Tid og stad

Lunsjrommet i Dragesetbygget i Os sentrum.

Tysdagar, kl. 14.30-16.30

18. april: Psykisk helse og kognitiv åtferdsterapi 

25. april: Depresjon 

2. mai: Angst 

23. mai: Stress og belastningar 

30. mai: Sjølvkjensle

Rettleia sjølvhjelp

  • Rettleia sjølvhjelp er eit digitalt behandlingsprogram der du arbeider heime, samtidig som du får rettleiing frå ein terapeut på telefon kvar veke. Eit behandlingsprogram varer i om lag 6-8 veker. 

For å ha best mogleg effekt av tilbodet er det viktig med eigeninnsats og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen din. Målet er at du skal bli meir bevisst på samanhengen mellom tankar, følelsar og åtferd.  

Målet er å gi tidleg behandling og hjelp for å førebygge  sjukdomsutvikling.  

Sjå filmen med Harald og Herdis - tidlegare deltakarar på Rask psykisk helsehjelp i Bergen kommune:

Tilbodet er gratis.

Desse jobbar med Rask psykisk helsehjelp

Frå venstre: Ane Rørvik, Hildegunn Breivik og Maren Millen Assev.

Maren Millen Assev, Hildegunn Breivik og Ane Rørvik spesialsjukepleiarar i avdeling for psykisk helse og rustenester i Bjørnafjorden kommune. Maren har jobba med tilbodet Rask psykisk helsehjelp i Bergen og Livskrisehjelpen i mange år, og har hatt tilsvarande gruppetilbod i Bergen kommune. Hildegunn og Ane jobbar med psykisk helsehjelp, mellom anna på Kontakto.

Karen Hope Nilsen frå Friskliv og meistring Bjørnafjorden vil bidra innan temaet søvnvanskar.

Er dette aktuelt for deg?

Send ein e-post med namn og telefonnummer til rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no 
Vi tar kontakt med deg for ein kartleggingssamtale. 

NB! Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-posten, til dømes omfattande forklaring på kvifor du søker hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.