Hjelp til med å stoppe spreiinga av hamnespy

Hamnespy er like guffent som namnet tilseier, og kan gjere stor skade i norske kystområde. Rudolf Svensen/Miljødirektoratet Hamnespy er ein framand art som spreier seg raskt og fortrengjer andre artar. Arten blei oppdaga for første gong i Noreg i slutten av 2020, og er så langt rapportert frå Askøy i nord til Stavanger i sør.

Og det er ikkje berre namnet som er vemmeleg. Spreiing av hamnespy kan gi alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar. 
Du kan hjelpe til med å stoppe spreiinga.

Dette kan du gjere:

  • Sjekk båt og utstyr jamleg. Du bør òg botnsmørje båten med anti-fouling-maling før du set han ut for å hindre hamnespy i å få feste.
  • Har du fått hamnespy på båt eller utstyr? Fjern det ved å:
    • setje båt/utstyr på land i ei veke. Hamnespy døyr når det tørkar ut.
    • spyle eller skrape botnen av båten/utstyret. Pass på at hamnespy og spylevatn ikkje renn ut i sjøen.
    • plassere utstyr med hamnespy i ferskvatn i minst seks timar. Hamnespy døyr etter lengre tid i ferskvatn.

Har du sett hamnespy? Meld frå

Om du meiner at du har funne hamnespy, bør du melde frå til Artsdatabanken eller Havforskningsinstituttet på nettsida Dugnad for havet. Om du kan ta bilete eller video, er det flott. Prøv å komme så nær som mogleg, for å fange opp nødvendige detaljar. 

Les meir om korleis du kan bidra til å stoppe spreiinga av hamnespy på miljodirektoratet.no

Slik kjenner du att hamnespy

Hamnespy eller japansk sjøpung (lat. didemnum vexillum) tilhøyrer kappedyr-arten og lever i store koloniar som ei matte på steinar, berg, tau, brygger og andre materiale.

Hamnespy kan fort forvekslast med andre artar på avstand. Nokre av hovudtrekka du kan vere merksam på er:

  • Pannekake-liknande koloni som ser ut som han dryp.
  • Kvit, beige eller oransje.
  • Kan dras av som ei tynn pannekake.
  • Glatt å ta på, men ru (som bittelitt stubbevekst).
  • Går ikkje i oppløysing når du tar på han.
  • Stjerneforma opningar under vatn og store porer.
  • Fint årenett.

 

Kjelde og foto: Miljødirektoratet og statsforvalteren.no