Legevakta er for alle, men ikkje for alt

Legevakta er der for deg hele døgeret når det oppstår akutte behov. For at dei som treng hjelp raskt skal få det, er det viktig at legevakta blir brukt riktig. 

Legevakta er open for personar med akutt sjukdom eller skade som treng øyeblikkeleg hjelp, og som ikkje kan vente til neste dag. Ring legevakta på 116 117 ved nyleg oppstått sjukdom, skade som blir oppfatta som så alvorleg at det ikkje kan vente til fastlegen opnar, akutt sjukdom som ikkje er livstrugande, forverring av sjukdom eller skade som krev rask behandling.

Dette er legevakta sine råd for riktig bruk av legevakta: 

  • Ring medisinsk nødnummer 113 dersom liv og helse står på spel.
  • Hugs at legevakta ikkje er eit kveldsåpent legekontor. I alvorlige enkelttilfelle kan vakthavende lege etter vurdering avtale sjukebesøk.
  • Ring legevaktsentralen på 116 117 dersom du er usikker og ønsker råd om tilstanden din.
  • Ikke køyr til legevakta før du har ringt legevaktsentralen på 116 117. Problemet kan kanskje løysast over telefon.
  • Vurder alltid om du kan vente til neste dag.
  • Ta eventuelt kontakt med din eigen fastlege. I dei aller fleste tilfelle bør du oppsøke fastlegen først. Fastlegen er den som kjenner deg best, og derfor den som har dei beste føresetnadene for å gi deg ei helskapleg og god behandling.
  • Etter klokka 16 på kvardagar, og heile døgeret i helger og høgtider, betener legevakta både Bjørnafjorden og Samnanger. I tillegg har legevakta ansvar for distriktslegevaktsentralen for begge kommunane og for Austevoll kommune.

Dersom du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare

Dei mest alvorlege tilstandane blir behandla først, anten dei kjem til legevakta ved egen hjelp eller i ambulanse. Derfor varierer ventetida. Dersom tilstanden din blir verre medan du sit på venterommet, må du kontakte sjukepleiar.

Legen kan òg bli kalt ut til akutte hendingar. Derfor kan ventetida bli lengre enn forventa.

Dette kan vente til neste dag

  • Feber hos barn, der allmenntilstanden er god.
  • Hoste, vondt i halsen, forkjøling utan høg feber.
  • Uforandra sjukdomstilstand med god allmenntilstand, som har vart i fleire dagar.

Dette er ikkje oppgåver for legevakta

  • Sjukemeldingar der det ikkje er påkravd med behandling
  • Fornying av reseptar (med unntak av livsviktige medisinar)
  • Reseptar på A og B-preparat
  • Kontroll og utredning av kroniske sjukdommar
  • Lege- og helseattestar
  • Injeksjonar (f.eks. B-12 sprøyter, Kenacort)
  • Å legge inn prevensjonsmiddel (f.eks. spiral)

Når skal du kontakte fastlegen?

Du skal alltid ta kontakt med fastlegen når du 

  • treng sjukemelding (det får du ikkje på legevakta)
  • treng å fornye ein resept (det gjer ikkje legevakta)
  • har kroniske tilstandar utan forverring
  • har sjukdom som kan vente til dagen etter

Slik byter du fastlege

Dersom du ikkje har fastlege i Bjørnafjorden, kan du enkelt byte fastlege på helsenorge.no eller ved å ringe 800 (HELSE), 800 43 573.

Dersom du bur mellombels i Bjørnafjorden, er det anbefalt at du byter til fastlege her. Flyttar du tilbake innan tre år, har du rett til å få tilbake den fastlegen du hadde.

Alltid vaktlege og sjukepleiarar på vakt  

Legevakta bemanna døgnet rundt, heile året, med et vaktlag som består av (akutt)sjukepleiarar og vaktlege. Dette er ein tryggleik for alle innbyggarar i Bjørnafjorden. Alle på legevakta er utdanna lege eller sjukepleiar. 65% av sjukepleiarane har videreutdanning i akuttsjukepleie.

Videreutdanninga i akuttsjukepleie dyktiggjer sjukepleiarar i møte med akutt/kritisk sjuke pasientar og bidra til brei kompetanse og forståelse for kompleksiteten i den akuttmedisinske kjeden. Legevakta tilhøyrer dei akuttmedisinske tenestene saman med medisinsk nødmeldeteneste (AMK), og ambulansetenesta.

Akuttsjukepleiarar i legevakt jobbar i vaktlaget tett saman med vaktlegane.