Slik jobbar kommunen med å ta imot ukrainske flyktningar i Bjørnafjorden

Marita Hjelle er avdelingsleiar for flyktningtenesta som koordinerer mottak av ukrainske flyktningar i Bjørnafjorden kommune. Midtsiden  - Mykje må vere på plass for å gi flyktningane ein trygg og god start i eit heilt nytt tilvære. Vi jobbar på tvers av mange kommunale tenester for å lage ein god og effektiv mottaksrutine - og så langt har det fungert bra, fortel avdelingsleiar for flyktningtenesta i Bjørnafjorden kommune, Marita Hjelle.

Per 11. april har om lag 25 ukrainske flyktningar komme til Bjørnafjorden. Dei fleste av desse reiste direkte frå Ukraina til familie og venner som allereie bur i kommunen, utan å gå vegen om mottak og akuttinnkvartering. Dei siste dagane har det òg komme nokre flyktningar som er "fordelte" frå mottakssenter av immigrasjonsmyndigheitene. Det kjem fleire frå denne gruppa i tida framover, fortel Hjelle.

Eitt møtepunkt

Når dei ukrainske flyktningane møter kommunen første gong, er representantar frå flyktningtenesta, bustadkontoret, helsetenester og NAV samla.

- Slik sikrar vi at dei får mest mogleg relevant informasjon og svar på spørsmål dei måtte ha, og at vi er koordinerte internt i kommunen. Det blir gjerne mykje informasjon på éin gong, men då slepp flyktningane enkeltvise møte med alle instansane over fleire dagar. Dette er menneske i ein vanskeleg livssituasjon. Fleire har vonde opplevingar frå krig og flukt, og vi forsøker å gjere overgangen så god som mogleg. Mange er opptatt av at barna skal få begynne på skulen og i barnehagen raskt, og det legg vi sjølvsagt til rette for, fortel Hjelle. 
Barna som kjem som flyktningar frå Ukraina kan velje om dei vil starte i ein såkalla "velkomstklasse" på Søfteland skule, der det blir gitt særskilt tilbod til framandspråklege barn, eller i ein vanleg klasse ved nærskulen.

Handlekraft og hjartevarme

Frivilligsentralane i Bjørnafjorden og Røde Kors er òg involverte i tilretteleggingsarbeidet.
- Det er mange praktiske oppgåver som følgjer med busetting, som godkjenning av bustad, transport, skaffing av møblar og anna, og som vi i flyktningtenesta treng hjelp til å handtere. Vi er heldige som har ein svært velorganisert og handlekraftig frivillig sektor med eit stort hjarte i kommunen vår, skryt Hjelle.

Passar på 

Flyktningane frå Ukraina må registrere seg hos politiet for å få mellombels kollektiv beskyttelse. Då går prosessen med kartlegging og busetting i kommunen raskare, og gir flyktningane moglegheit til å delta i introduksjonsprogram, motta introduksjonsstønad og få andre ytingar i kommunen.
- Når det kjem fleire flyktningar i tida framover, vil det bli endå større behov for eit tett samarbeid med frivillige organisasjonar og privatpersonar. Vi har òg eit godt samarbeid med politiet. Saman passar vi på at flyktningane har det trygt hos oss og blir beskytta mot personar som prøvar å utnytte sårbare menneske i ein vanskeleg situasjon, seier Hjelle.

Varm velkomst for ukrainske skulebarn

- Det er mykje varme og engasjement som møter ukrainarane som kjem til oss. Til dømes hadde to ukrainske barn første skuledag på ein barneskule i kommunen vår sist veke. Dei skulle eigentleg berre innom på besøk nokre timar, men hadde det så kjekt at dei blei heile dagen, fortel Hjelle. 
- Foreldra til barna var så takksame for den varme velkomsten barna deira fekk, at dei kjøpte kake til oss i flyktningtenesta! Men det er jo eigentleg alle små og store på den skulen som skulle hatt den kaka. Tenk kva det betyr å bli tatt så godt imot!