Har du merknader til budsjettet?

Bjørnafjorden kommune si innstilling til budsjettet for 2025 og økonomiplanen 2025-2028 inkl. gebyr- og prisliste for 2025, er lagt ut til offentleg ettersyn.

Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025-2028 med dei endringane som går fram av Budsjettdokument 2025-2028 frå FrP/H/KrF/INP (PDF, 549 kB) fekk fleirtal og blir dermed formannskapet si innstilling til kommunestyret i saka.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak 19. desember 2024.

Frist for å sende inn merknad er 18. desember 2024
Send merknad

Behandling i formannskapet 05.12.2024:

I møtet blei lagt fram:

Votering:

  • Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025-2028 fekk 0 røyster.
  • Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025-2028 med dei endringane som går fram av budsjettdokumentet frå SV fekk 1 røyst.
  • Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025-2028 med dei endringane som går fram av budsjettdokumentet frå Ap fekk 2 røyster.
  • Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2025/økonomiplan 2025-2028 med dei endringane som går fram av Budsjettdokument 2025-2028 frå FrP/H/KrF/INP fekk 6 røyster, og blir dermed Formannskapet si innstilling til kommunestyret i saka.

Budsjettdokument frå andre parti:

Budsjettdokument 2025-2028 frå MDG (PDF, 661 kB)