Søk om godkjenning for å brenne bål
Reglar for bålbrenning
Bjørnafjorden brann og redning og Bjørnafjorden lensmannskontor har saman laga denne rettleiaren for å gi informasjon og råd til deg som har planar om å gjere opp eld utandørs. (PDF, 2 MB)
Målet med rettleiaren er å førebygge skade og ulempe med bålbrenning, informere innbyggarane i kommunen om kva lovar og reglar som gjeld og kva omsyn som må ivaretakast
Usikker på regelverket?
Sjå § 3 Generelle krav til aktsomhet under innleiande bestemmelser i rettleiing til forskrift om brannførebygging, oppdatert januar 2016 av Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB).
Du treng ikkje søkje for:
Brenning av hageavfall
Du kan brenne hageavfall i hagen din heile året, med unntak av i totalforbodsperiodar med stor brannfare. Vis omsyn til naboar og bumiljøet. Det er ulovleg å brenne søppel og spesialavfall, som til dømes byggematerialar, plast og store pappmengder. Dette skal kastast i restavfall eller leverast på miljøparken (gjenvinningsstasjonen). Brot på forureiningslova kan straffast med bøter.
Sankthans-bål
Du treng ikkje søkje brannsjefen om løyve til å brenne bål denne dagen og kvelden, men du må be grunneigar om lov.
- Bålet må ha god avstand til bygningar, vegetasjon og brennbart materiale.
- Du må ta omsyn til vind, og ha rikeleg med sløkkevatn tilgjengeleg
- Ein ansvarleg vaksen må vere til stades
- Det er ikkje lov å brenne søppel eller spesialavfall, som til dømes trykkimpregnerte materialar.